onsdag 27. februar 2008

Best for Helse Vest – eller folk flest?

(LEIAR I FIRDAPOSTEN:)
"Helsestatsråden, Helse Vest og Helse Førde har fått viljen sin, og det går snart mot ei nedlegging av sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø. Med ein fråverande stat, ein lunken Bremanger kommune og eit Helse Førde som ikkje makta å prøve ut potensialet, kan ein i etterpåklokapens lys seie at Nærsjukehusmodellen var død i utgangspunktet. Potensialet som opplagt ligg i å samordne kommunehelsetenester med enkle, effektive sjukehustilbod retta mot definerte pasientgrupper, vil ein no aldri få kartlagt – i alle fall ikkje i vårt fylke.

I Florø er ein tilbake til utgangspunktet, då Firdaposten på leiarplass i fjor tok til orde for at ein burde sleppe ein privat aktør til i sjukehuslokala. Flora Høyre plukka opp hansken rundt årsskiftet, og danske Transmedica har synt konkret interesse for å opne ein klinikk for fedmeoperasjonar i Florø. Det provoserer når leiinga i Helse Vest no stiller seg lunkne til danskane. Årsaka er opplagt: Helse Vest har framleis tru på fedmeoperasjonar som ei framtidig inntektskjelde. Då kan det vere greit å halde opp resultata deira så langt. Etter å ha hatt dette som satsingsområde i fleire år, makta Sentralsjukehuset og Helse Førde å operere litt over to pasientar i månaden i fjor. Samtidig har ventelistene for pasientgruppa auka dramatisk over heile landet."

• Les heile leiaren i Firdaposten på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar