lørdag 14. mars 2009

Helse Førde vil splitta overvakinga i Lærdal


SOGN AVIS Helse Førde vil halvera kostnadene ved overvåkinga ved Lærdal sjukehus gjennom omorganisering.

– Prinsipielt ulogisk, seier Bente Øien Hauge i aksjon Forsvar Lærdal sjukehus.
I eit notat Sogn Avis har fått tilgang til, skriv klinikkdirektør Arve Varden i Helse Førde at alle klinikkar og føretaksområde er pålagde å gjennomgå sine avdelingar med omsyn til å finna område som kan organiserast annleis enn i dag og til lågare kostnad.

Kan spara fem millionar
– Når det gjeld OVOP i Lærdal er budsjettet for 2009 like i underkant av 10 millionar kroner. Nær 100 prosent av kostnadene er knytt til løn. Ei omorganisering av tenesta vil etter klinikkdirektør si meining ha eit insparingspotensial på årsbasis på om lag fem millionar kroner, skriv Varden og understrekar at det ikkje er konkludert i saka.

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er undrande til framlegget frå klinikkdirektøren som går ut på å dela overvåkinga i to, slik at overvåkinga av medisinske pasientar kan skje gjennom eit internmediært rom i medisinsk sengepost, og at oppvaking av opererte pasientar kan skje under avdeling for akuttmedisin.

Prinsipielt ulogisk
– Vil dei halvera totalkostnadene eller er det berre medisinsk klinikk som skuva fleire utgifter over på ortopedien og fødetenesta, spør ho, og meiner dette er eit døme på at klinikkorgansieringa er til hinder for heilskapleg tenking i sjukehusa og kallar ei slik løysing prinsipielt ulogisk.

– Dersom det blir slik at andre sjukepleiarar på avdelingane skal kunne steppe inn, vert det store kostnader, ettersom alle sjukeleiarar som skal jobbe på overvaking må kursast spesielt for det arbeidet. Vanlege sjukepleiarar er ikkje kvalifisert til å ta hand om overvåkningspasientar, seier Øien Hauge.

• Sjå saka på Sogn Avis sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar