torsdag 23. september 2010

Ber politikarane legge ned verva sine


NRK SOGN OG FJORDANE – Det brenn eit blått lys for Nordfjord sjukehus. Brannen vert kraftigare for kvar dag, skriv Svein Hansen og Knut Leirgulen i opprop.

Leiarane i Sjukehusaksjonen ber kommunestyra i Nordfjord, Nordfjordrådet, partigrupper og lokallaga vurdere å legge ned sine politiske verv og melde seg ut.

Krev sterkare lut
– Tida for alle delegasjonsreiser til Oslo og utsending av A4-ark må no snart vere over. Alle har forstått at det ikkje fører fram. Sterkare lut må til! Vurder å legg ned dykkar politiske verv og lokallag og meld dykk ut!, skriv Hansen og Leirgulen.

Dei meiner dette er den einaste utvegen for å få regjeringa til å stoppe Helse Førde si nedlegging av Nordfjord sjukehus.

Gjer som politikarane i Hardanger
Vidare skriv dei at Helse Førde dei siste åra har amputert så mykje av sjukehusfunksjonane at det no berre er eit tidsspørsmål før sjukehuset er historie.

Aksjonistane meiner det er særleg viktig at politikarane frå regjeringspartia går i spissen. Dei viser til korleis politikarane i Hardanger har handla i kraftlinesaka, der dei har lagt ned politiske verv og såleis fekk regjeringa til å reagere.

– Politikarar: Vis nordfjordingane at de er modige og i praksis kan vise at de set folket sine interesser føre dykkar eigne politiske ambisjonar, avsluttar Hansen og Leirgulen.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med verken Svein Hansen eller Knut Leirgulen i dag.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar