lørdag 18. september 2010

Klåre appellar, og sterke historiar i Lærdal








PORTEN Om lag 150 personar var møtt fram for å markere Lokalsjukehusets dag i Lærdal laurdag, der appellantane sto i kø på rådhustrappa.

-Eg vart ikkje politikar for å bygge ned samfunnet vårt, sa første appellant, Marie Helene Hollevik Brandsdal, varaordførar i Årdal. Vi trur på Lærdal sjukehus, og vi trur på trygge lokalsamfunn. Vi vil og gjerne at våre unge skal komme heim att etter endt utdanning, og då må dei ha noko å kome heim til. Eg ønskjer samfunnsutvikling, ikkje at vi skal gå attende i tid. Det er uverdig å føde i ein ambulanse. Og akuttberedskap vil vi og sjølvsagt ha. Vi ønskjer ikkje å framstå som offer her i dag, men krev respekt for våre meiningar. Det er vi som veit kvar skoen trykker, sa ein tydeleg varaordførar, med klar adresse til sin eigen fremste tillitsvalde, statsminister Jens Stoltenberg.

-Kom deg ut og snakk med grasrota Jens, sa Brandsdal, dette er eit grasrotopprør, og det er fyrst og fremst kvinnene som no forlet Arbeidarpartiet om dagen, og du bør spørje deg sjølv kvifor det er slik Jens.


Hanne Hestetun fortalde om tøffe fødslar
- Det som skulle vere ein trygg og god fødsel nummer ein, vart til ein tur i ambulanse, fastspent på båre, og allereie i Sogndal fekk sjåføren beskjed om å sette på blålys og så var det full fart til Førde, sa Hanne Hestetun. Inga god oppleving.

Då ho skulle føde for andre gong hadde legane på Haukeland sagt tydeleg i frå at ho ikkje kunne føde nokon annan plass enn på Haukeland, men ting skjedde raskt når riene kom, og dei kom seg ikkje lenger enn til Lærdal. Ho var vettskremd, men vart raskt teken hand om og alt gjekk svært bra.
-Heile denne opplevinga, og oppfølginga på Lærdal sjukehus var fantastisk sa Hanne Hestetun.

Riv muren mellom mål og midlar
-Det er tverrpolitisk semje om at det skal vere eit likt helsetilbod til alle, bortsett frå der det kostar for mykje å ha slikt tilbod, sa Atle Winjum, venstrepolitikar frå Aurland.

- Eg har enno tilgode å høyre at eit tiltak blir vert framstilt frå eit entusiastisk styre i Helse Førde, «noko nytt og betre». Styret i Helse Førde har tilsynelatande berre ein oppgåve, og det er å tilpasse seg økonomiske rammer, og gjere ting stadig billegare. Kommunestyre i Aurland har vedteke at dersom Lærdal sjukehus vert lagt ned vil kommunen søke overgang til Helse Bergen. Ein må få lov å stille spørsmål ved organiseringa når det vert like langt å reise til «vårt sjukehus» som til Ringerike sjukehus på Hønefoss, sa Winjum.

Helse Førde har til oppgåve å handtere helsetilbodet til heile fylket, og det greier dei ikkje om Lærdal sjukehus vert lagt ned. Dette må vi som ansvarleg politikarar peike på. Det er ikkje Aurlendingane som skal syte for Helse Førde sitt ve og vel ved å vere lojale, det er faktisk omvendt, sa Winjum.


Sterk historie frå Harald Sjursen
Sjursen var mellom anna oppteken av ambulansane. Ved årsskifte 2008/2009 vart personalet på ambulansen i Aurland flytta over til Lærdal, og dette skjedde etter mange år med undergraving frå Helse Førde. Mellom anna ved å sende lærdalsambulansen på oppdrag i Aurland, om den var ledig, dette medan ambulansen i Aurland stod.

-Dei fleste tilfella her er akutte, og pasientane vert frakta vidare til Voss eller Bergen, og då er Lærdal utan ambulanse i denne perioden. Ein dag i oktober 2008, svima Sjursen av i heimen med stort blodtap. Han vart frakta til Lærdal, men ståande ordre frå Helse Førde sa at slike pasientar skulle sendast til Førde. Einaste ledige ambulanse var på Jølster. I samråd med meg sette legen på Lærdal ein injeksjon med koagulerande stoff rett i blodet på meg, noko som berga livet mitt, sa ein sterkt bevega Sjursen.

Sjursen sitt brev til Helse og omsorgsministeren finn ein her, på bloggen til Forsvar Lærdal Sjukehus


Ingen alternativ til lokalsjukehusa pr i dag
- Legeforeningen skreiv i 2004, kva dei meinte eit lokalsjukehus skulle vere, og underleg nok var dette ei nøyaktig beskriving av det sjukehuset vi hadde i Lærdal den gongen, sa kommunelege og helsesjef i Lærdal, Frode Myklebust. Og dei meiner akkurat det same i dag, når dei igjen definerer utrykket lokalsjukehus.
Lokalsjukehusa skal ha breiddekompetanse, og dei står i dag, til saman for mellom 80 og 90 % av all pasientbehandling i Noreg. Alle lokalsjukehusa i landet er iferd med å bli øydelagde grunna prosessar, og tankemodellar frå helsebyråkratar. Dette trass i at vi pr i dag ikkje har noko alternativ, og kva gjer ein då? Jau ein kjem med Samhandlingsforma. Her overlet ein til kommunehelsetenesta alt det som sjukehusa ikkje gidd å drive med lenger, og det er ganske mykje, sa Myklebust.

Forutsigbarheit skapar tryggleik, forutsigbarheit hadde vi, og eg forventar at vi får dette på plass igjen. Vi skal vite kva kompetanse vi har, og kven vi skal samarbeide med, dette er vanskeleg i dag.

Nøgd aksjonsleiar
Aksjonsleiar Bente Øien Hauge takka for flotte, og rørande appellar, og fekk dei frammøtte med på ein applaus til Lærdal sjukehus.
- Takk for de held ut og vert verande på post i desse vanskelega tidene, sa Øien Hauge.

Det norske velferdssamfunnet vart utvikla medan landet vår nærast var konkurs. I dag lever vi i eit overflodssamfunn, men vert fortalt at Noreg ikkje har råd til å oppretthalde lokalsjukehusa.

Eg vil åtvare mot samhandlingsreforma, sa Øien Hauge. Eit distriktsmedisinsk senter kan aldri erstatte eit sjukehus, det kan berre verte eit tillegg. Det er totalt uverdig at vi skal verte frakta lange vegar i ambulanse, for undersøkingar, behandlingar, og sjukehusopphald som vi, med god kvalitet, kunne fått der vi bur.

Vi høyrer at Helse Førde jobbar med planar om å slå saman ortopediklinikken og medisinsk avdeling til ein etasje. Vi høyrer også at dei førebur seg på å avvikle føden i juli neste år. Så vi ser at, til og med før endeleg vedtak er gjort, jobbar helseføretaket i kulissane for å demontere sjukehuset vårt.

Men slaget er ikkje tapt så lenge vi ikkje gjev opp. Vi skal stå på for Lærdal sjukehus, vi skal forlange at helseministeren lyttar til folket og stoppar nedlegginga, var den klare meldinga frå leiaren i Forsvar Lærdal sjukehus.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

TILFØYING FRÅ AKSJONEN:
I tillegg til appellantane som Porten har referert, var det ein sterk appell frå Åge Natvik. Han fortalde historia om då han i mai i år braut foten. Brotet var slik at foten neppe kunne klart ein to timars transport til Førde, resultatet ville vorte amputasjon. Fordi det var beredskap på Lærdal sjukehus, vart Åge teken hand om straks. "Eg takkar Lærdal sjukehus for at eg står her i dag, på to bein." sa Åge Natvik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar