lørdag 30. oktober 2010

– Føden har god kvalitet


SOGN AVIS Det vil ikkje bli fagleg betre for fødekvinnene i Indre Sogn med den føreslegne modellen der alle kvinnene i fylket skal føda ved sjukehuset i Førde.

Det skriv tilsette ved fødestova i Lærdal etter styrevedtaket i Helse Førde om å leggja ned den forsterka fødestova.

Dei tilsette skriv at styret sin konklusjon i saka er ikkje i samsvar med den røyndomen dei møter i kvardagen.

– Helse Førde har skapt eit inntrykk av at det er dei lokale fagmiljøa som ynskjer å leggja ned fødetilbodet i Lærdal og viser til utgreiinga frå ei faggruppe. Men i faggruppa sitt mandat var der ingen mogelegheit til å velje vår noverande modell eller oppgradering til fødeavdeling.

Ei nedlegging er det siste me ynskjer, skriv dei tilsette og viser til at bemanninga med jordmødre og gynekologar som er godt kjende på fødestova og kjem att fleire gonger i året, er ei stabil og robust løysing med høg kvalitet og lang røynsle.
– Denne lærdalsmodellen er eit godt foredøme for andre lokalsjukehus.

Dei tilsette meiner vidaare at fødestova i Lærdal er ei tryggleiksbase for alle gravide og fødande i Indre Sogn både under svangerskap og fødsel, uansett kvar fødselen er planlagt.
– Gynekologbemanninga i Lærdal har redda liv for både mor og barn.

Det blir også peika på at kvinner i Sogn og Fjordane har høg fruktbarhet, og fødselstala i regionen ikkje er på veg nedover slik nokon kanskje trur.
– I sjukehuset sitt område er det om lag 300 fødslar i året. Alle desse familiane i etableringsfasen treng beredskapen som fødestova har i dag.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar