fredag 15. oktober 2010

Fødenedlegging: Ei uakseptabel omlegging


NRK SOGN OG FJORDANE - Dersom Helse Førde gjennomfører nedlegging av fødetilbodet i Lærdal og Nordfjord vil det vere veldig, veldig sørgjeleg.

Det seier leiar i Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge.

Det som er føreslått no er ei uakseptabel og dårleg omlegging. Eg håper verkeleg at det blir stoppa av departementet, seier ho.

Gjer seg ikkje
Trass i at både faggruppa, styringsgruppa og administrasjonen i Helse Førde ser det som best å samle alle fødslar i Førde har sjukehusforkjemparen ingen planar om å gje opp kampen.
- Vi er mange som vil jobbe inn mot sentralt hold for å prøve å stoppe at denne planen blir gjennomført, seier Øien Hauge.

I møte måndag
Ho skal i møte i helse- og omsorgsdepartementet allereie på måndag.

Saman med andre i folkebevegelsen for lokalsjukehusa og møte statssekretær Robin Martin Kåss
- Der kjem vi til å argumentere sterkt mot denne omlegginga, seier ho.

Øien Hauge viser til at fleire politikarar den siste tida har teke til orde for å få denne typen avgjersler tilbake på Stortinget.

Har du tru på at politikarane vil ta ei avgjerd som stoppar prosessen?
- Ja, for denne type avgjersler er politiske og dei bør då også avgjerast av politikarar.

- Ein skinnprosess
Sjukehusforkjemparen stiller spørjeteikn ved samansetjinga av styringsgruppa og mandatet dei har arbeidd under.
- Styringsgruppa bestod av elleve personar, og ni av desse er frå Sunnfjord eller ytre Sogn og det er dei som har laga det mandatet kor Lærdal og Nordfjord fekk tilbod om ikkje noko fødetilbod eller jordmorstyrt fødestove, seier Øien Hauge.

I tillegg understrekar ho at styringsgruppa ikkje er blitt spurt om kva som er det beste for dei fødande, men kva for ein av dei tre alternativa som er best.
- Eg synes på mange måtar dette har vore ein skinnprosess kor resultatet har vore gitt på førehand, seier ho.

Ønskjer samarbeid over grensene
Øien Hauge er positiv til styringsgruppa sitt fokus på samarbeid over fylkesgrensene.
- Eit samarbeid burde ein ha begynt med for lenge sidan, men saken er at det ikkje er all verden av kapasitet på dei andre sjukehusa.

Øien Hauge meiner difor usikkerheita til fødande i Årdal vil vere like stor, trass i eit utvida samarbeid med til dømes Voss og Haukeland sjukehus.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar