fredag 22. oktober 2010

Fødetilbodet i Sogn og Fjordane: Kampen er ikkje over - me gjev oss ikkje!

Helse Førde har i dag gjort vedtak om å leggja ned den forsterka fødestova i Lærdal og fødeavdelinga på Nordfjordeid. Saka skal vidare til Helse Vest og til Helse- og omsorgsdepartementet.

Me gjev oss ikkje! Kampen for fødetilboda i Nordfjord og Sogn er ein viktig og rettferdig kamp, og me held fram.

Vedtaket Helse Førde gjorde i dag byggjer på ein plan som er utforma av ei styringsgruppa som ikkje representerer dei berørte brukarane og kommunane. Dette er heilt i strid med signala i Nasjonal Helseplan som er lagt ut på høyring.
Fagfolka som utarbeidde planen fekk ikkje sjå på alternativet med å oppretthalda dei lokale fødetilboda på dagens nivå eller høgare - dei fekk valet mellom jordmorstyrte fødestover eller ikkje noko fødetilbod lokalt.
Erfaring viser at legeberedskapen i Lærdal har redda liv ved fleire høve. Fødekvinner gjev òg sterkt uttrykk for at dei ynskjer - og krev - eit lokalt fødetilbod med legeberedskap.

Her er litt frå media om styremøtet og vedtaket i dag:
Bergens Tidende Legg ned fødetilbod (der Helge Bryne kallar planen "innovativ og framtidsretta")
Firda Flyttar alle fødslar til Førde
Sogn Avis Har sagt nei til Lærdal
Porten Spikaren i kista for føden i Lærdal?
NRK SFj Vil leggje ned føden uansett

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar