tirsdag 26. oktober 2010

Legane ved Nordfjord sjukehus: Krev offentleg orsaking


FJORDABLADET Tilliten til Helse Førde er tynnslitt. Fredagens utsegner frå klinikkdirektør Tore Dvergsdal har fått begeret til å renne over, og overlegane ved Nordfjord sjukehus vurderer no å forlate helseføretaket.

Legane krev offentleg orsaking frå klinikkdirektøren og leiinga i Helse Førde for krenkjande utsegn i samband med styremøtet sist fredag. Dei meiner det er heilt uakseptabelt å motivere ei nedlegging basert på direkte løgner og usanningar om kvaliteten ved sjukehuset.

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal seier til Fjordabladet at han ikkje kjenner trong for å be om orsaking for sine uttalelser på styremøtet, men han vil gjerne presisere at fødetilbodet i Nordfjord ikkje er dårleg utifrå dagens kriterium.

– Eg har aldri sagt at det er fagleg dårleg og uforsvarleg, men utifrå dei framtidige krava der ein må ha 4 til 6 gynekologar på ei fødeavdeling, vil ein ikkje kunne oppfylle krava, seier Dvergsdal. – Du kan ikkje ha fire gynekologar til 250 i utgangspunktet friske fødande, seier direktøren til Fjordabladet.

Her er brevet frå legane:

Ope brev til klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde

Endå ein gong har leiarar i Helse Førde framstått med arroganse, vist alvorleg mangel på kunnskap, og med dette eit leiarskap som er fullstendig uakseptabelt. Klinikkdirektør Tore Dvergsdal sin uttale i NRK 22/10-10 kl 16.03 inneheld feil og er i sin heilskap ikkje noko anna enn ei krenking av føde- og gynekologiverksemda og personale ved Nordfjord sjukehus. Vi ser det også som ei krenking av verksemda til heile sjukehuset.

Tore Dvergsdal påstår blant anna:

” - 2 Legar over 60 år”
Ved Nordfjord sjukehus arbeider i dag 2 meget erfarne kollegaer der den eine har vore fastbuande på Nordfjordeid dei siste15 åra.
Av 4 gynekologar ved Førde Sentralsjukehus (FSS) er faktisk også to av legane over 60 år, altså 50 prosent. Dette blir ikkje kommentert.

”- Arbeider uakseptabelt mykje”
At 2 gynekologar delar på all vaktberedskap er ei for stor arbeidsbyrde. Helse Førde har likevel sagt nei til å forsterke bemanninga med vikarar. Arbeidstida skulle definitivt vore redusert til eit rimeleg nivå om det fantes vilje frå Helse Førde si side.

FSS treng i dag 1-2 vikarstafettar for å dekke opp sin vaktberedskap. Dette vert ikkje kommentert.

”- 205 fødslar ved Nordfjord sjukehus”
Dette er tal fødslar per 12/10-10. Altså fødslar hittil i år.
Antal fødslar ved Nordfjord sjukehus har vore rundt 300 per år.
Fødslar per jordmor ved Nordfjord sjukehus er ca 30 stykker. Dette er på lik linje med FSS.
Fødslar som krev legeassistanse er per gynekolog like mange eller større ved Nordfjord sjukehus som ved FSS.

Ingen alvorlege komplikasjonar har skjedd ved fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus i den perioden dei to noverande gynekologane har jobba her. Kvaliteten ved avdelinga er godkjent av Helsetilsynet. Avdelinga etablerte kvalitetssikring av verksemda allereie før dette skjedde ved FSS, og resultata er likeverdige eller bedre samanlikna med landsgjennomsnittet.

”- Ein omfattande seleksjon av fødande fungerar slik at alle risikosvangerskap allereie i dag blir henvist til FSS”
Fødande med risikosvangerskap blir henvist for fødsel ved FSS, Haukeland universitetssjukehus eller Ålesund. Dette utgjer ca 5 prosent. Dei resterande kan føde ved Nordfjord sjukehus.

Tore Dvergsdal avsluttar sin uttale med : ”.. - Eg vil sei det er ikkje mykje dei kan finne på der oppe då.”.
Ein sluttkonklusjon som ikkje treng ytterlegare kommentar, berre beklagast.

At ein klinikkdirektør ikkje kjenner til innhaldet i verksemda må betraktast som skandaløst. Høgst bemerkelsesverdig er det også at han ikkje nokon gong i si tid som klinikkdirektør for kirurgisk klinikk har tatt personleg kontakt med medisinsk ansvarleg overlege og avdelingsleiar ved føde-/gynekologisk avdeling ved Nordfjord sjukehus.

Denne uttalen frå Helse Førde gjennom klinikkdirektør Tore Dvergsdal er eit uttrykk for mangel på kunnskap og ei svært alvorleg krenking av medarbeidarar i eige foretak.

Dessverre er ikkje dette første gong leiinga for Helse Førde har gitt feilinformasjon og kome med krenkjande uttalingar om verksemda og ansatte ved lokalsjukehuset. Dette har blitt gjentatt fleire gongar med eit klart mål: å svekke tilliten til lokalsjukehuset. Med denne uttalinga av Dvergsdal som får støtte av styret i Helse Førde meinar vi no at grensa er nådd.

Vi, overlegane ved Nordfjord sjukehus, vurderar no sterkt å forlate foretaket som vi i dag manglar all tillit til.

Vi krev ein umiddelbar offentleg orsaking av Tore Dvergsdal og leiinga i Helse Førde for dette fullstendig uakseptable og krenkjande utsagnet. Vi krev også som ei naturleg følgje av dette ei reversering av vedtaket om nedlegging av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus grunna dårleg kvalitet. Økonomi er ein avgrensande faktor, men å motivere ei nedlegging basert på direkte løgner og usanningar om kvaliteten ved ei verksemd er heilt uakseptabelt.

Overlegane ved samtlige avdelingar ved Nordfjord sjukehus


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar