torsdag 28. oktober 2010

Nils P. Støyva ut av styret i Helse Vest


FJORDINGEN Stryneordførar og leiar i Sogn og Fjordane Arbeiderparti, Nils P. Støyva, har i dag gjeve Helse- og omsorgsministeren melding om at han går ut av styret i Helse Vest med øyeblikkeleg verknad.

- Dette er ikkje noka protesthandling frå mi side, poengterer Nils P. Støyva overfor Fjordingen.
- Eg går ut av styret fordi eg som Stryn sin ordførar og leiar av Ap sitt fylkesparti vil kjempe for standpunktet om at vi skal ha lokalsjukehus i Lærdal og på Nordfjordeid med dei funksjonane som dei har i dag, og sentralsjukehus i Førde, seier Støyva.

Støyva seier avgjerda om å gå ut av styret i Helse Vest heller ikkje er noka impulshandling.
- Eg har vurdert dette ei tid. Som styremedlem i Helse Vest har eg eit overordna budsjett å forholde meg til. Helse Førde er ein bit av Helse Vest, noko som kan føre til kollisjonskurs. For å unngå å ha fleire hattar i sjukehussaka i Helse Førde, og for at eg skal kunne gjere ein best muleg jobb for Stryn kommune og Arbeiderpartiet i fylket sitt syn, finn eg det rett å gåt ut av Helse Vest-styret, seier Nils P. Støyva.

• Les saka i Fjordingen ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar