fredag 1. oktober 2010

Odda kommunestyre: Vurderer å forlate Helse Fonna


HARDANGER FOLKEBLAD Odda kommunestyre vedtok i går å setje ned ei arbeidsgruppe som blant anna skal vurdere kommunen si tilknyting til Helse Fonna

Arbeidsgruppa skal styrkje det framtidige sjukehustilbodet i Odda ved å:

- vurdere etablering av spesialfunksjoner/nisjeområder innen kirurgi, noko som vil styrke grunnlaget for ein akuttkirurgisk beredskap og rekruttering av nøkkelpersonell
- Gå gjennom fødetilbodet, herunder opptaksområdet, med føring om å oppretthalde ei forsterka fødestove
- For å styrkje samarbeidet i Hardanger-regionen, skal gruppa vurdere dagens tilknyting til helseføretak

Tre politikarar i gruppa
I arbeidsgruppa skal det sitje tre politiske representantar. Torsdag kveld vart Anne Marit Buer (V), John Opdal (H) og Trygve Bolstad (Ap) valt.

I tillegg vil to representantar bli oppnemnt av rådmannen og sjølv stiller rådmann Finn Kristoffersen sekretærhjelp til disposisjon. Gruppa vil få nødvendige økonomiske ressursar innanfor vedtekne budsjettrammer.

Alle mot ein
I kommunestyret stemte 25 av 26 representantar for å setje ned arbeidsgruppa.

Vararepresentant Sigbjørn Helskog (Raudt) røysta imot. Han meiner døgnkontinuerleg akuttberedskap ved Odda sjukehus ikkje nødvendigvis er det beste for pasientane.
- Kanskje det er på tide å slutte med mantraet om å oppretthalde 24-timars beredskap. Eg trur ikkje det er det beste for innbyggjarane med halvgode løysingar ved Odda sjukehus.

Vil ha fleire med
- Det er høgt under taket i Raudt, vi svingar ikkje partipisken, sa gruppeleiar Terje Kollbotn (Raudt) etter uttalen til Helskog.

Kollbotn fremja forslag om å ta med ein representant frå kvar partigruppe i arbeidsgruppa, fordi det ikkje er lett å overprøve verken styrevedtaket i Helse Fonna, sterke nasjonale føringar og ei utfordring som gjeld for alle lokalsjukehus over heile landet.

Forslaget fekk 6 stemmer og fall.

• Les saka i Hardanger Folkeblad på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar