onsdag 1. desember 2010

Kristiansund: Legg ned kirurgisk sengepost


KRISTIANSUND Helse Nordmøre og Romsdal vurderer å legge ned ein kirurgisk sengepost i Kristiansund. I staden blir det pasienthotell i 2. etasje.

Det stadfestar avtroppande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal, Bjørn Engum.

- På sist styremøte var styret veldig klar på at dei avdelingane som har overforbruk skal forhalde seg til dei rammene som er gitt. Den største utfordringa er ved kirurgisk akuttmedisinsk avdeling i Kristiansund, seier han.

- Overforbruket på denne avdelinga er bortimot 16 millionar kroner. Det er veldig stort i forhold til storleiken på budsjettet. Dette er ein situasjon som har heldt fram utover året. Det er gjort ein del tiltak for å forsøke å betre situasjonen, men det har ikkje blitt gjennomført på ein slik måte at det har gitt nødvendig effekt.

Vil spare pengar
Fleire forslag skal opp til diskusjon. Engum vil opprette tilbodet, men samtidig spare pengar.

- Eg håper det kjem opp alternativ som i liten grad påverkar tilbodet, men som samtidig gir nødvendige kostnadsreduksjonar. Dersom det ikkje gjer det, er det mi bestilling til leiinga av avdelinga at kirurgisk sengepost skal gjerast om til pasienthotell.

Engum vil ikkje seie noko om dette kan redusere tilbodet for pasientane.

- No har eg bedd om ei beskriving slik at vi får konsekvensane både for tilbod, aktivitet, økonomi og for dei tilsette dersom avdelinga blir gjort om til pasienthotell. Deretter vil vedtaka bli gjort.

– Ikkje fullverdig sjukehus lenger
Varahovudtillitsvald for legane ved Kristiansunds sjukehus, Ralph Herter seier at dette vil få alvorlege følgjer for blautdelskirurgien ved sjukehuset. Ifølgje Herter blir det no ikkje beredskap for denne typen kirurgi i helgane.

– Vi er kalla inn til drøftingsmøte om ein plan som har kome ganske langt. Planen går ut på å redusere blautdelskirurgisk vakt i Kristiansund. Alle kirurgiske senger skal stengast og dei skal gjerast om til pasienthotell. Samstundes skal vaktberedskapen reduserast. Vi skal ikkje ha blautdelskirurgisk vakt i helgane i Kristiansund, fortel Herter.

Ralph Herter seier at planen rokkar ved Kristiansund sjukehus som fullverdig sjukehus. Han åtvarar mot dei følgjene omlegginga kan få.

– Dette får alvorlege følgjer. Vi er ekstremt kritiske til slike endringar. Akuttkirurgi er viktig i akuttberedskapen. Sjukehuset er ikkje fullverdig lenger dersom dette blir fjerna, seier Herter.

Ein betydeleg reduksjon
Dersom omlegginga blir gjennomført, må dei aktuelle pasientgruppene belage seg på å bli transporterte til Molde sjukehus i staden for å få operasjon i Kristiansund.

– Den som får behov for ein operasjon som hastar, for eksempel ein operasjon i magen, så kan ikkje dette utførast i Kristiansund i helgane lenger. Pasientane må då flyttast til Molde, seier Herter. Dette er ein betydeleg reduksjon av akuttilbodet til pasientane på Nordmøre, seier Herter.

Heilt nye planar
Planane om å legge ned sengeposten og å opprette pasienthotell kjem som ei overrasking på dei tilsette. Dette kjem også i tillegg til dei nedleggings-planane som har vore diskuterte i andre samanhengar ved sjukehuset.

– Eg fekk vite om dette møtet i går. Dei tilsette har ikkje vore klar over kva leiinga har tenkt å gjennomføre. Vi meiner det ikkje ligg føre noko mandat for å gjennomføre tiltaka. Dette er stikk i strid med planane til Helse Midt-Noreg, seier Herter.

• Les saka på NRK Møre og Romsdal sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar