onsdag 14. november 2007

Oppsiktsvekkande ordføraraksjon, med Sp i spissen

Det er ikkje uvanleg at lokalpolitikarar forsvarar sjukehusa i regionen sin. Ein del ordførarar har til og med sett det som si oppgåve å kjempa for auka løyvingar til helseforetaka, har me registrert.

Andre vel ein annan veg. Og det gjer dei oppsiktsvekkande nok akkurat dei vekene Stortinget driv med statsbudsjettet:
"Nils Gjerland (Sp) i Førde har teke initiativ til eit brev stila til helseminister Sylvia Brustad (Ap) der det blir uttrykt støtte til Helse Førde-leiinga sitt arbeid og dei planlagde innsparingane ved helseføretaket. Innsparingane inneber nedlegging av sengeposten ved nærsjukehuset i Florø.
Brevet frå Gjerland vart sendt ut til alle fylkets 26 ordførarar med oppmoding om å signere. 13 av ordførarane har følgt oppmodinga, inkludert Sogndal og Luster i Indre Sogn og Gloppen i Nordfjord."

• Sjå heile saka på Firda ved å klikke på overskrifta eller gå inn på www.firda.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar