lørdag 5. april 2008

Sjukehusdiskusjon i Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Laurdag 5. april skal Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane diskutera kva dei skal meina om sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.
- Eg vil nødig konkludera her i media på kva som blir resultatet, men folk er opptekne av dette og eg forventar at det blir eit engasjement utifrå dei innspela, seier partisekretær Eirik Aarek.

FLEIRE INNSPEL
Sogn og Fjordane Arbeidarparti har fått innspel frå kring halvparten av lokallaga framfor representantskapmøtet i morgon. Der skal omlag 75 utsendingar formulere fylkespartiet sitt syn på sjukehus og helse. Sentralsjukehuset kontra lokalsjukehus, samt fødetilbodet i Lærdal og Nordfjordeid er nokre av tema som skal takast opp

BLIR DEI EINIGE
Spørsmålet i morgon vert om Sogn og Fjordane AP blir einige med ein gong eller om dei må gå ein ny runde.

- Eg trur at heile representantskapet vil vera einig på visse punkt, medan det på andre punkt kan bli avstemning. Dette med bakgrunn i at det er eit høgt engasjement rundt ein del spørsmål seier Aarek.

• Henta frå NRK Sogn og Fjordane, klikk på overskrifta for å sjå saka der

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar