mandag 5. mai 2008

Sogn Avis: Fødestova må oppgraderast

Sogn Avis har den siste månaden hatt fleire oppslag om fødetilbodet i Indre Sogn. I dag oppsummerer avisa på leiarplass under overskrifta "Fødestova må oppgraderast":

"To gonger i løpet av tre hektiske døger i april har akuttberedskapen ved den forsterka fødestova i Lærdal etter alt å dømma berga to nyfødde liv. Natt til 12. april kom en velskapt gut til verda etter eit hastekeisarsnitt ved sjukehuset. Gro Agnete Nybø frå Ljøsne er redd at det kunne gått heilt gale med den vesle guten hennar, om det ikkje hadde vore for Føden. Berre to døger etter hennar dramatiske oppleving, berga rask og kunnig inngripen frå den same staben livet til vesle Kasper då Monica Øvstetun fekk alvorlege komplikasjonar under fødselen.

I løpet av knappe tre døger opplevde altså to unge sognekvinner at den forsterka fødestova i Lærdal var skilnaden på katastrofe og lukke, liv og død rett og slett. I slike stunder blir diskusjonen om me skal ha eit tilfredsstillande tilbod til dei fødande kvinnene i denne regionen fullstendig meiningslaust. Ja, at det heile har vore eit tema er ille.

Det er få månader sidan det utruleg nok var konkrete utspel frå eit styremedlem i Helse Førde om å leggja ned også den forsterka fødestova i Lærdal. Me torer ikkje ein gong tenkja på kva som kunne ha skjedd i desse to konkrete tilfella, dersom slike tankar hadde fått gjennomslag.

Desse to tilfella fortel med all mogeleg tydlegheit at det aldri må skje, i staden er det langt meir naturleg å gå attende til fortida og oppgradera den forsterka fødestova til fullverdig fødeavdeling att.
"

• Les resten av leiaren i Sogn Avis ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar