torsdag 10. januar 2013

Etterlyser politisk engasjement for Valen Sjukehus



RADIO FOLGEFONN 10. JANUAR 2012   

- Valen sjukehus er og eit lokalsjukehus, seier Nils Johan Ystanes i Folkeaksjonen for lokalsjukehusa. 

- No må politikarane ta affære. Nok ein gong får Haugesund Sjukehus tilført ressursar medan distriktet vert utarma
I samtale med JK Flattun (RF) seier Ystanes at dei varsla omorganiseringane råkar Valen Sjukehus hardt. 

- Det er eit minstekrav at konsekvensane av dei varsla endringane for tilsette, pasientar og lokalsamfunn, vert utgreidd før ein set prosessen i gong. Når det gjeld situasjonen for lokalsjukehus i heile landet, meiner Ystanes at helseministeren bør setta seg ned og meisla ut korleis helsevesenet skal sjå ut i framtida og kva rolle lokalsjukehusa skal spela. 

- Det er naudsynt med langtidsplanlegging og eit mål før ein drar i gong omorganisering her og der.

Tysdag ettermiddag inviterte LO Kvinnherad tillitsvalde ved Valen sjukehus til eit møte om framtida for sjukehuset.
Og Nils Johan Ystanes deltok i møtet. Der vart det mellom anna vedteke at det skal dannast ei aksjonsgruppe for sjukehuset. 

- Men det aller viktigaste er at politikarane i kommunane rundt sjukehuset engasjerer seg for¨å stoppa  Helse Fonna. Og det må skje fort, for her kjem det til å skje ting ganske snart. 

Ystanes er og redd for at endringane vil gå ut over pasientane. 

- Me må ikkje gje slepp på det me har, før me veit kva me får, og risikera at hjelpetrengande menneske kanskje går omring utan å få den behandlinga dei har rett til. Ein må bygga opp før ein bygger ned.

Når det gjeld tilhøyrigheit i helseforetak, har ikkje Ystanes vore oppteken av det tidlegare. - Eg er meir oppteken av innhald enn av helseforetak. Men når eg no ser korleis Helse Fonna stadig utarmar lokalsjukehus og tilfører fleire ressursar til Haugesund Sjukehus, er det kanskje på tide å vurdera om Helse Bergen er betre.

Det er alt kjent at Hardangerordførarane ved Hardangerrådet, har henvendt seg til Helse Vest med krav om at alle Hardangerkommunane skal sokna til Helse Bergen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar