fredag 13. desember 2013

HELSE FØRDE-STYRET: Vil ikkje ha dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus


NRK SOGN OG FJORDANE, 13. DESEMBER 2013


Fleire sentrale styremedlemmer i Helse Førde vil ikkje starte opp att eit dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.








Reidun K. Halland og Anni Felde - NEI: Anni Felde vil ikkje ha dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus. - Foto: Oddleif Løset / NRK
NEI: Anni Felde vil ikkje ha dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus.
Foto: Oddleif Løset / NRK
Det er per i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Ulike rapportar har derimot vist til at det er behov for eit slikt tilbod. Tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre har også signalisert at han ønskjer dagkirurgi i Nordfjord.
Men fleire av styremedlemmene i Helse Førde er usamde. Ei av dei er Anni Felde. Ho meiner at så lenge det er eit slikt tilbod ved sjukehusa i Lærdal og Førde, er det ikkje behov for dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus.
– Vi har eit ansvar for andre ting også, og då vil det vere feil å starte opp att eit slikt tilbod når vi allereie har det på to plassar, seier den røynde helsepolitikaren frå Gloppen.

Ministeren ville ha dagkirurgi

Meininga hennar er stikk i strid med det mellom anna tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre signaliserte då han vitja Nordfjord sjukehus i starten av oktober.
Der møtte han politikarar og tilsette som kjempar for å få på plass eit dagkirurgisk tilbod, og etter besøket råda han Helse Vest til å få på plass tilbodet.
– Det er i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Eg meiner det er ein mangel som ein bør søke å rette opp, skreiv den avtroppande ministeren i eit brev til Helse Vest.
Støre viste til at Nordfjord sjukehus skal vere modell for andre lokalsjukehus, og sa at han såg mange argument for at dagkirurgi burde vere ein del av tilbodet.

Ser ikkje behovet



Geir Berge Øverland - KIRURG OG STYREMEDLEM: Geir Berge Øverland meiner det ikkje er noko som talar for dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset i Eid. - Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
KIRURG OG STYREMEDLEM: Geir Berge Øverland meiner det ikkje er noko som talar for dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset i Eid.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Men i Helse Førde er det fleire som er grunnleggjande usamde. Styremedlem i helseføretaket, og kirurg ved Lærdal sjukehus, Geir Berge Øverland, meiner det ikkje er nødvendig med dagkirurgi på Nordfjordeid.
– Det er ikkje pasientvolum nok til det. Det kan vere kjekt å ha dagkirurgi, men fagleg sett er det ikkje noko som helst som talar for det.
– Du fryktar ikkje at nordfjordingane vil gå i skyttargravene og seie at dette prosjektet ikkje er slik dei hadde tenkt seg det?
– Det er eit politisk spørsmål, og ikkje eit fagleg spørsmål, seier Berge Øverland.
Den nye regjeringa sa i slutten av oktober at dei førebels ikkje vil meine noko om kva tilbod Nordfjord sjukehus skal ha.

Godt tilbod for heile fylket

Under styremøtet i Helse Førde fredag blei det orientert om at saka om ny dagkirurgi på Eid vil kome opp som sak på styremøtet i januar.
Men etter det NRK forstår er det i dag ikkje fleirtal i styret for å stare opp att med operasjonar på Nordfjord sjukehus.
Styreleiar Jorunn Ringstad vil ikkje flagge sitt syn no, men legg vekt på at dei må sjå heile fylket under eitt.
– Eg trur vi må vere ærlege nok til å seie at vi tek sikte på å ha eit godt tilbod for heile Sogn og Fjordane, ut frå dei ressursane vi har, seier Ringstad.
• LES SAKA PÅ NRK SOGN OG FJORDANE SINE NETTSIDER VED Å KLIKKE HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar