tirsdag 28. januar 2014

NORDFJORD: Ikkje godt nok med grå stær-operasjonar for dagkirurgi


FJORDABLADET 28. JANUAR 2014

Ikkje godt nok

Leiar Svein Hansen i Sjukehusaksjonen Nordfjord har sendt brev til helse- og omsorgsdepartementet ved helse- og omsorgsminister Bent Høie der han gjev klar melding om at dagkirurgi 60 dagar i året med grå stær-operasjonar som hovudområde på ingen måte er ei erstatning for fullverdig dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus (NSH).
– Dersom Nordfjord sjukehus skal bestå, så må det i større grad stå på eigne bein og få lov til å utvikle seg. Det som leiinga i Helse Førde legg opp til, er ikkje godt nok, seier leiar for Sjukehusaksjonen Nordfjord, Svein Hansen. (Arkivfoto: Anna Wuttudal)


Styret i Helse Førde vedtok fredag at det skal startast opp med dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus i eit avgrensa omfang (om lag 60 dagar i året) der eit hovudområde vil vere grå stær-pasientar (katarakt). I tillegg vil Helse Førde fortløpande vurdere andre pasientgrupper med lange ventetider.

Sjukehusaksjonen Nordfjord har innhenta opplysningar med augelegen ved NSH og fått vite at grå stær-operasjonar vert utført i lokalanestesi, nærare bestemt med augedråpar som anestesi. Augelegen opererer og organiserer operasjonen sjølv, utan at anestesi- eller operasjonssjukepleiarar treng vere til stades.  Anestesilegen er heller ikkje involvert.

Sjukehusaksjonen Nordfjord kan dermed ikkje sjå at vedtaket i Helse Førde, med tilbod av augeoperasjonar, kan tilføre ei endring ved sjukehuset, som blir betre enn i dag, og dei meiner at ein dermed må klassifisere NSH som eit medisinsk senter.

Utifrå Sjukehusaksjonen si tolking av styrevedtaket i Helse Førde om dagkirurgi er NSH og Utviklingsprosjektet like langt når det gjeld:
* mangel på kirurgisk kompetanse
* manglande nytting av anestesiressursen ved NSH
* manglande oppgåver som bidreg til vedlikehald av spesialkompetanse
* problem med rekruttering av personell med høgare utdanning
* mangel på breiddekompetanse


Vil ha fullverdig dagkirurgi
I brev til helse- og omsorgsminister Bent Høie gjev Sjukehusaskjonen Nordfjord klar melding om at dagkirurgi 60 dagar i året med grå stær-operasjonar som hovudområde på ingen måte er ei erstatning for fullverdig dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus.  Sjukehusaksjonen tek i brevet til orde for å vurdere om Nordfjord sjukehus bør avgrense samarbeidet med resten av Helse Førde.
  – Vi kan ikkje sjå at eit vidare samarbeid med Helse Førde vil føre til positiv utvikling eller varige og trygge tilhøve for pasientane sitt beste i framtida, skriv dei mellom anna i brevet til ministeren der dei har skissert alternative modellar for drift av NSH i framtida.


Samarbeid med Volda
Regjeringa har sagt at føretaksgrenser ikkje skal vere til hinder for ei god og hensiktsmessig spesialisthelseteneste. Ei løysing kan vere at Helse Førde og Helse Møre og Romsdal eig Nordfjord sjukehus i fellesskap, der Helse Møre og Romsdal eig og driv den kirurgiske delen, operasjonsavdeling (ortopedisk/kirurgisk poliklinikk) og Helse Førde resten av sjukehuset. Verksemda må då organiserast som helseføretak eller ansvarleg selskap.
  Sjukehusaksjonen meiner at denne løysinga vil vere den enklaste og beste.  Dei peikar på at Volda sjukehus ikkje har den kompetansen som ortopedisk avdeling ved NSH hadde, og at ei slik løysing vil styrkje fagmiljøa på begge sjukehus.  Det vert også peika på at Volda sjukehus utifrå dagens situasjon har trong for utvida operasjonsareal.


Utleige til andre
Sjukehusaksjonen peikar også på at eit anna alternativ er å organisere kirurgisk verksemd ved NSH slik at det vert drive av utanforståande organisasjon, som til dømes ei ideell stifting. Sjukehuseigar Helse Vest må då vere villig til å leige ut operasjonsarealet ved NSH, som i dag står ubrukt og inngå refusjonsavtale.
  Ifølgje Sjukehusaksjonen er operasjonsarealet ved NSH om lag 500 kvadratmeter stort. Der er to store operasjonssalar og ein mindre, og det kan opererast med to operasjonsteam samstundes. I tillegg består området av nødvendige funksjonsrom, som til dømes autoklavar for sterilisering av utstyr, kontorplass. I nær tilknyting har ein også vaktrom, og rom for oppvakning /overvaking av pasientar, samt nær tilgang til eit moderne medisinrom.
  I brevet til Høie påpeikar Sjukehusaksjonen også at nødvendig personale er i systemet ved NSH og har sterkt ønskje om å få nytte sin spesialkompetanse innan anestesi og operasjon samt at anestesilege er tilgjengeleg på døgnbasis.


• LES SAKA I FJORDABLADET PÅ NETT VED Å KLIKKE HER
• MEIR STOFF I PAPIRAVISA 28. JANUAR (PDF-FIL) SOM DU KAN KJØPE HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar