søndag 6. september 2009

Sjukepleiarleiar varslar bemanningskrise


SOGN AVIS – Helse Førde kan stå overfor ei stor bemanningskrise dersom ikkje Jon Bolstad og Co snart tek ansvar for dei tilsette sin arbeidssituasjon, hevdar fylkesleiaren i Norsk Sjukepleiarforbund, Oddgeir Lunde.

Det er i eit lesarbrev fylkesleiar Oddgeir Lunde går i strupen på leiinga i Helse Førde. I eit intervju med Sogn Avis utdjupar han bakgrunnen for den beiske kritikken han kjem med etter å ha vore med på eit medlemsmøte for sjukepleiarane på Lærdal sjukehus onsdag kveld.
– Men dette handlar ikkje berre om Lærdal, eg har nyss vore på rundtur i heile helseføretaket, signala er eintydige over alt, hevdar Lunde.

Fylkesleiaren peikar på at forbundet sine medlemmer i Lærdal står på natt og dag for at pasientar og pårørande skal få eit godt fagleg tilbod, og at sjukepleiarane prøver etter beste evne å godta krav, direktiv og pålegg frå administrasjonen i Helse Førde.

Når det gjeld omlegging av drift og lovleg fatta vedtak, følgjer sjukepleiarane dei pålegg dei får. Sjukepleiarar beskriv ein arbeidssituasjon som nærmar seg det ein kan kalle kaos og rot. Klinikkdirektør ved medisinsk klinikk i Helse Førde får kritikk for manglande informasjon og tilrettelegging ved stadige omorganiseringar. Fråvær av vaktberedskap på grunn av at ein sjukepleiar vart sjukmeld etter eit uhell kan ikkje kallast for noko anna enn dårleg planlegging og alt for låg bemanning ved Lærdal sjukehus. Det at media har fokusert på planlagd «aksjon» ved Lærdal sjukehus har påført den uheldige sjukepleiaren og arbeidskollegaer ei unødig belastning. Dei er med urette vorte hengt ut som dårlege arbeidstakarar», skriv Lunde.

Ni vurderer å gå
– Det dramatiske er at stadig fleire no seier at dei vil slutta, i Lærdal er det ni av våre medlemmar som vurderer dette, seier Lunde. Han har teke imot liknande signal både frå Nordfjordeid og frå Førde.

«Sjukepleiarane sin arbeidssituasjon i Helse Førde er mange stader kritikkverdig og ikkje i samsvar med arbeidsmiljølova. Hald kjeft og jobb er mange stader omkvedet. Dette må det verte slutt på», skriv han i innlegget. Dersom ikkje Jon Bolstad og co snart tek ansvar for dei tilsette sin arbeidssituasjon både i Lærdal, Eid og ikkje minst ved Førde Sentralsjukehus står føretaket snart overfor ei stor bemanningskrise.

– Me har aldri før opplevd så stor kollektiv frustrasjon, motlause og resignasjon på situasjonen i Helse Førde, seier Lunde.
– Årsaka til dette er både den stramme økonomien som resulterer ei rovdrift på tilsette, men også at det har fått utvikla seg ein kultur i helseføretaket som ikkje er bra, seier Lunde. Han vonar politikarar, fylkeslegen, styret og administrasjon i Helse Førde no tek situasjonen ta på alvor.
– Men det som er trist, er at eg trur ikkje dei bryr seg, seier Oddgeir Lunde.

Overraska
Administrenande direktør i helse Førde, Jon Bolstad, er overraska over kritikken.
– Me har regelmessige møte med våre tillitsvalde, også frå sjukepleiarforbundet. Eg har ikkje høyrt eitt pip om noko som liknar på tilhøva Oddgeir Lunde beskriv, seier Bolstad.
– Viss dette var korrekt reknar eg med at dei tillitsvalde hadde kome til meg med det. Og kvifor går Lunde til media framfor til meg, som kan gjera noko med dette? spør direktøren som meiner kritikken er uforståeleg og urettvis.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar