mandag 4. april 2011

Manar til sjukehusopprør


FJORDABLADET – Det er ingen tvil om at det må eit opprør til. Vi må setje i gang ein kraftig aksjon. Vi kan ikkje finne oss i ei slik behandling. Det seier Eid-ordførar Sonja Edvardsen om vedtaket i sjukehussaka. Nordfjordrådet var i dag samla til krisemøte og vitja Nordfjord sjukehus. Der fekk dei nok eit bevis på kor avgjerande viktig det er å ha ei fødeavdeling med gynekologkompetanse på plass.

Nordfjordrådet drøfta i dag korleis dei skal handtere den situasjonen som har oppstått etter regjeringa sitt vedtak som inneber nedlegging av fødeavdeling og ortopedisk avdeling på Nordfjordeid.

– Har vi ikkje bråka nok, undrar Eid-ordføraren. Både ho og leiar i Nordfjordrådet, Gunn R. V. Helgesen (KrF) peikar på at dei har prøvt å vere saklege og grundige i sin argumentasjon og støtta seg på fagpersonale i Nordfjord. Dei etterlyser mellom anna ei konsekvensutgreiing som grunnlag for vedtaket.

– Vi har ikkje tenkt å gje oss, seier Edvardsen som saman med resten av Nordfjordrådet no vil leggje ein strategi som i første omgang går ut på å gje klar melding til departementet om at vedtaket som er gjort er i strid med det både folk flest, fagfolk og Nordfjordrådet ønskjer.

Gå rettens veg
– Eg ser ikkje bort frå at vi bør bruke rettsvesenet. Kommunane og Nordfjordrådet har blitt fullstendig overkøyrde, seier Vågsøy-ordførar Roger B. Silden. Han tek til orde for å hyre inn jurist, til dømes KS sine folk, for å gå igjennom saka for å sjå på om saksbehandlinga er korrekt og om føresetnadene for vedtaket er korrekte. Silden viser mellom anna til at Kvivsvegen er lagt inn som eit kriterium utan å ta omsyn til at det ikkje vil bety kortare veg til Volda for Ytre Nordfjord. For folk i Vågsøy og Selje, som har lengst veg til Nordfjord sjukehus i dag, har dei lange avstandane som vil bli til alternative sjukehus vore det viktigaste ankepunktet mot nedlegging. Opning av Kvivsvegen endrar ikkje på dette.

– Kvivsvegen er tofeltsveg
Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp) reagerer sterkt på at helseministeren brukar samferdsle som argument for å flytte offentlege tenester ut av Nordfjord.
– Kvivsvegen er ein tofeltsveg. Det skal vel ikkje vere slik at ein berre kan køyre den eine vegen og at alt skal flyttast ut av Nordfjord. Det argumentet held berre ikkje, seier Anders Ryssdal. Utifrå utsegnene som helseministeren har kome med, der kortare veg er viktig kriterium, stiller han spørsmål ved geografikunnskapane. Det blir ikkje kortare til Volda frå Ytre Stad sjølv om Kvivsvegen opnar, og det tek ikkje 15 minutt frå Stryn til Volda.

– Vil flytting av fødetilbodet i Nordfjord til Volda styrkje argumentet for bru mellom Lote og Anda.
– Det betyr i alle fall at ein må ha sambandet mellom Lote og Anda minst på dagens nivå, seier Ryssdal og viser også til at det er eit KVU-arbeid i gang i samband med framtidig trasé for E39.

Bør utfordre stortingspolitikarane
Ordførar i Hornindal, Edvin Haugen (H), støttar fullt og heilt opp om kampen for å behalde tenestene ved Nordfjord sjukehus. Han tek til orde for å utfordre dei fem stortingsrepresentantane frå fylket til å kome på banen.

– Stortingsbenken har vore lite framme. Det verkar som om dei har trekt seg litt inn i sitt eige skal, seier Haugen. Hornindal-ordføraren meiner at det frå sentralt hald mellom anna må kunne seiast noko om kva dei meiner er akseptabel avstand til ulike sjukehustenester.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar