mandag 4. april 2011

Markering ved Nordfjord sjukehus i kveld, mandag


FJORDABLADET I kveld måndag kl. 21 står Sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus bak ei markering utanfor lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

– I samband med at vi ønskjer å legge fram ei pressemelding om den framtidige organiseringa av og korleis vi tenkjer at sjukehusaksjonen skal angripe utfordringane i framtida, legg vi opp til ei markering utanfor lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Sjølv om dette ikkje er eit vel førebudd og gjennom organisert fakkeltog, så set vi pris på om folk møter fram og viser si støtte til sjukehuset, dei tilsette ved sjukehuset og framtida til sjukehusaksjonen, seier Svein Hansen, leiar for dagens sjukehusaksjon, som oppmodar dei som møter fram til å anten ta med seg faklar, lighterar eller lommelykter.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar