onsdag 19. august 2009

Aurland: – Spring frå ambulanselovnader


SOGN AVIS Harald Sjursen etterlyser skikkeleg svar frå statsministeren om ambulansetenesta.
– Får eg ikkje skikkeleg svar frå statsministeren på breva mine rundt ambulansetenesta i Aurland sluttar eg med politikk og avstår frå å røysta ved valet, seier Harald Sjursen.

Ap-veteranen frå Flåm sender midt i valkampen ein skikkeleg kilevink mot leiinga i moderpartiet, partiet han har tent i 55 år.

Brot på program
Bakgrunnen er ambulansetenesta i Aurland og det han hevdar er eit klart brot på programmet «Ny solidaritet» frå 2005.
Programmet slår fast følgjande: «Arbeiderpartiet vil sikre et desentralisert sykehustilbud som blant annet sørge for nærhet til akuttfunksjoner og fødetilbud, samt en ambulanseteneste over hele landet som har god beredskap og forsvarlig responstid».

Tåkesvar
– På alle punkta har Arbeiderpartiet og regjeringa svikta totalt, meiner Sjursen.

I ni år har han stått på barrikaden for ei god ambulanseteneste i kommunen. På kontoret i heimen har han ein fyldig bunke papir som viser korrespondansen gjennom alle desse åra. Resultatet er i motsetnad til papirbunken tynn. I dag står Aurland utan fast stasjonert ambulanse i kommunen.

Sjursen er opprørt over at ein kommune som i sommarmånadene er vitja av rundt 40.000 menneske kvart døgn – altså som ein over middels stor norsk by – har ein ambulanse på vakt, stasjonert i nabokommunen Lærdal, 20 minutt unna Aurlandsvangen.

Til statsministeren
Det vil han ikkje finna seg i. Difor har han sendt tre brev om forholdet direkte til statsminister Jens Stoltenberg.
– Etter det første brevet fekk eg svar frå statsministerens kontor om at dei hadde merka seg innspela mine, seier Sjursen.
Det svaret slo han seg ikkje til ro med. Ei god veke seinare sende han eit nytt brev der han bad om svar på kva som ville bli gjort med innspela i god tid før valet.
– Det var nettopp innsatsen vår i Aurland Ap som var «vektskåla» for at Arbeidarpartiet fekk to representantar på Sogn og Fjordane-benken etter sist val, seier Sjursen og viser til at Aurland var den fjerde største Ap-kommunen i fylket etter valet.
Om han ikkje snart får svar trugar Sjursen med å verta heimesitjar ved stortingsvalet i september.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar