tirsdag 8. desember 2009

Fire kvinner møtte ordføraren og varaordføraren til oppheta debatt


PORTEN Ordførar Arne Sanden og varaordførar Lars Petter Nesse inviterte måndag unge kvinner i Lærdal til dialog om fødetilbodet ved Lærdal sjukehus, men vart møtt med boikott. Kun fire kvinner møtte fram til det som vart ein oppheta debatt.

Ordføraren sitt tidlegare utspel om å gje slepp på den forsterka fødestova, til fordel for ortopedien, har fått mange til å reagere. Ikkje minst dei dette gjeld aller mest, nemleg unge kvinner. Men i staden for å takke ja til ein dialog med den politiske leiinga, boikotta kvinnene møte. Etter det Porten.no kjenner til fordi dei meiner denne dialogen burde funne stad før ordføraren kom med sitt utspel i media. I tillegg burde og kvinner i Aurland og Årdal fått invitasjon.

Arne Sanden var bekymra og skuffa over at kun fire kvinner møtte fram.
- Grunnen til dette møte var at me ærleg og oppriktig ville lytte til unge kvinner i bygdi, i kveld hadde dei ein sjanse, men har valt å boikotte, det får eg gjort lite med, sa ein skuffa ordførar. Han hadde ynskt seg full ein full kommunestyresal.

Ordføraren sa lokale folkevald også måtte vere budd på å ta upopulære avgjerder.
- Mitt mål som ordførar i Lærdal er slett ikkje å bli populær, å bli hivd som ordførar på grunn av eit kvinneopprør ville gledd meg. De har sjansen i 2011, sa Arne Sanden.

Mange i ryggen
Sjølv om det var svært god plass i kommunestyresalen, mangla det ikkje på engasjement.
-Kvifor spurde de ikkje bygdefolket før det kom med utspelet om føden. Engasjementet for å behalde eit godt fødetilbod i Lærdal er svært stort, det viser ikkje minst underskriftsaksjonen, som i løpet å dagar har fått stor oppslutnad. Folk reagerer på at dei rett og slett ikkje har fått lov til å vere med på dialogen, sa Frøydis Helland. Ordføraren repliserte med at ein ikkje kunne ha folkeavstemning på alle spørsmål.

Dei fire kvinnene i salen køyrde knallhardt mot Sanden for måten denne saka var handtert på. Kari Grøttebø sa det vart heilt feil å setje føden opp mot ortopedien.
- Føden er livsviktig, det er ikkje ortopedien. Det er snakk om ei omstilling i helseføretaket - men å ta vekk fødetilbodet i Lærdal vert rett og slett ei tilbakestilling, sa Grøttebø. Frøydis Helland var skuffa, nemde alle som i mange år hadde kjempa for fødeavdelinga, med utspelet til ordføraren meinte ho ein lang kamp var gravd ned i sanden. Dei fire damene i salen var og opptekne av kva det kosta å leggje ned fødetilbodet i Lærdal, med omsyn til lengre reiser og liggjetid. Dette reknestykkjet må kommunen få på bordet, var den klare beskjeden til ordføraren.

Den politiske leiinga måtte tole knallhard kritikk, men Sanden argumenterte med kvifor han i lag med varaordføraren kom med utspelet om å ofre fødetilbodet i Lærdal slik det fungerer i dag.
- Eg var jo klar over at dette ville skape uro i bygda, og det var heller ikkje med lette hjarte me gjekk ut offenteleg slik me gjorde. Men etter ei samla vurdering, med klare utsegner frå Regjeringa, som i Soria Moria2 seier at alle sjukehus i framtida ikkje kan utføre alle type tjenester, og innsparingskrav til Helse Førde om at dei innan 2012 skal gå i balanse ligg til grunn for vårt standpunkt, sa Sanden. Og la til;
- Eg trur det me har gjort er med på å berge sjukehuset vårt, og det som betyr aller mest nemleg å behalde den indremedisinske akuttberedskapen med anestesilege i døgnberedskap.

Har ikkje valt dette
Sanden la fram talmateriale som viste korleis fordelinga av fødslar var mellom Lærdal, Voss og Førde. Då han sa at mange sjølve hadde valt å fø andre stader enn i Lærdal fekk han så øyrene flagra.

-Dette er heilt feil, det er ikkje slik at kvinnene har valt bort Lærdal, det er kritieria som set ein stoggar for dette. Dette har Helse Førde sjølv bestemt. Kompetansen i Lærdal er svært god, eg er sikker på at mange kvinner i Indre Sogn hadde valt Lærdal hadde dei berre fått lov til det, sa Frøydis Helland.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar