torsdag 17. juni 2010

Tvinga til å velje vekk fødestova i Lærdal


SOGN AVIS Dei redda livet til vesle Kasper då han kom til verda på fødestova i Lærdal for to år sidan, no får ikkje Monica (25) føda nummer to der.

- Det er jo litt ironisk, seier Monica Øvstetun (25) frå Øvre Årdal, snart mamma til to.
- Men eigentleg er det berre veldig irriterande.

- Det er irriterande at folk ser ut til å tru at det ikkje er legar på Lærdal som kan ta seg av fødande, og enda meir irriterande at det blir gjeve inntrykk av at me vel vekk Lærdal. Det stemmer ikkje. Det er seleksjonskriteria som gjer at mange fødande frå Årdal reiser til Voss eller Førde. Me får rett og slett ikkje lov til å føda der, meiner ho.

Må reisa vekk
Ho er mellom dei som vert sendt vekk frå fødestova på Lærdal når baby nummer to etter planen skal komma til verda i byrjinga av august. Årsaka er at ho har opplevd komplikasjonar i samband med fødsel tidlegare. Det hjelp lite at staben på Lærdal den gongen så til dei grader demonstrerte kva dei er i stand til der inne på sjukehuset, og at det er det som gjer at Monica snart er mamma til to.

Det stod nemleg om minutt då gromguten Kasper såg dagens lys i april 2008. Vatnet hadde gått i halv åttetida om morgonen, og Monica gav seg i veg til Lærdal saman med sambuar Kjartan Smedegård eit par dagar på overtid. Der tok fødselen ei særs dramatisk vending. (Les saka: Dramatisk start for vesle Kasper ved å klikke her.)

Kjempa for livet
Jordmora rakk ikkje eingong å undersøkja den ventande mora før ting byrja å skje. Monica opplevde eit navlestrengsframfall, ein alvorleg komplikasjon som er så sjeldan at gynekologen på Lærdal berre hadde sett det ein einaste gong i løpet av 15 år.

Monica vart raskt lagt på operasjonsbordet medan staben på sjukehuset kjempa ein tøff, men effektiv kamp mot klokka. Katastrofesnitt, kallar dei det, og det er eine og åleine den raske reaksjonen frå jordmor Satu M. Henell og dei andre på Lærdal som gjer at Kasper i dag er ein frisk og aktiv toåring som gler seg til å bli storebror.

Rakk ikkje å tenkja
- Til alt hell var me på Lærdal på dagtid, medan det var både gynekolog, anestesilege og eit heilt operasjonslag tilgjengeleg. Elles kunne det ha gått ganske annleis. Der og då rakk me ikkje å tenkja så veldig mykje om det, ting berre skjedde berre veldig fort, det er først i ettertid at ein får sett det i perspektiv, seier pappa og sambuar Kjartan Smedegård (31).

Levande bevis
- Det er skremmande å tenkja på at Kasper kunne ha blitt offer for innsparingar i helseføretaka den gongen. Eg høyrer dei seier det ikkje skjer så ofte, neivel - men det skjedde med oss. Han kan vel neppe bli noko betre bevis på kor viktig det er å ha eit trygt og forsvarleg fødetilbod med akuttberedskap i nærleiken, seier mamma Monica, som denne gongen truleg vil føda på Voss.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar