lørdag 6. november 2010

- Framleis sjukehus både i Molde og Kristiansund


NRK MØRE OG ROMSDAL (1. NOVEMBER) Direktør Bjørn Engum held fast på at det skal vere sjukehus både i Molde og Kristiansund. Blir innstillinga vedteken blir det nytt sjukehus på Eikrem, og ei flytting av føde og akuttfunksjonar frå Kristiansund.

Innstillinga blei presentert for dei tilsette måndag morgon, og på ein pressekonferanse klokka 10.00 måndag formiddag.

– Å finne ei løysing som alle partane ville vere samde i var ikkje mogleg. Dette har vore ei krevjande sak med høgt konfliktnivå, både blant eigne tilsette og i befolkninga. Men vi er forplikta til å ta ei avgjerd, sa direktør Bjørn Engum då han presenterte innstillinga si.


Heile innstillinga frå direktør Bjørn Engum
Les direktereferat fra pressekonferansen

- Ei krigsærklæring
Rykta om innstillinga kom ut alt før pressekonferansen. Og tidleg måndag morgon var det klart at innstillinga ville bli møtt med kraftige salvar frå sjukehusaksjonistane i Kristiansund.

- No blir det krig, sa tidlegare ordførar Harald Stokke til NRK før pressekonferansen. Innstillinga inneber at sjukehuset i Kristiansund blir bygt ned til ein avansert sjukeheim, medan Molde får nytt sjukehus på Eikrem.

• - To sjukehus Nordmøre og Romsdal
Drapstrua i knallhard sjukehusstrid
Vart truga på livet


– Skal vere nær sjukehuset
Dei store og veksande pasientgruppene skal ha nærheit til sjukehuset, seier Engum. Og han er sikker på at dette blir gjort best ved å ha to sjukehus.

– Nærleiken til sjukehuset har vore det viktigaste argumentet for meg når eg har teke denne beslutninga, seier Bjørn Engum til NRK. Og å samle akuttfunksjonane er viktig for å få til eit betre tilbod, seier han.

Akuttfunksjonar til Molde
Det skal no gjennomførast ei fordeling av funksjonane mellom sjukehusa i Kristiansund og Molde. Dett ligg fast frå dokumentet Strategi 2020. Dette inneber at fødeavdelinga i Kristiansund og kirurgiske akuttfunksjonar blir flytta til Molde.

– Vidareføring av to sjukehus inneber ei tydeligare funksjonsfordeling enn i dag. Ei slik løysing er det alternativet som best sikrar ressursar til aktiv pasientbehandling og robuste fagmiljø, seier direktør Gunnar Bovim i Helse Midt-Noreg.

– Det verst tenkjelege for Nordmøre
Nordmøringane har ikkje gitt opp kampen for å få eit fullverdig sjukehus liggande på Nordmøre. Sjølv om dei i utgangspunktet ønskte eit fullverdig sjukehus i Kristiansund, har dei i den siste fasen gått inn for eit felles sjukehus for heile Nordmøre og Romsdal, som skulle ligge midt mellom Kristiansund og Molde.

– Dette er det verst tenkjelege alternativet. Dett betyr at vi misser fødeavdelinga og akuttfunksjonane. No skal det byggast eit nytt sjukehus, men dette blir i Molde. Her satsar dei ikkje på to sjukehus. Dei satsar på eitt sjukehus. Over tid blir sjukehuset i Kristiansund bygt ned om dette blir resultatet, seier ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen.

– Fred i Molde, krig på Nordmøre
Medan Molde kan sjå fram til at det går mot bygging av nytt sjukehus på Eikrem, har ikkje aksjonistane i Kristiansund gitt opp. Der reknar dei med at det blir eit heilt anna vedtak når saka skal avgjerast på sentralt hald.

– Overføring av akuttfunksjonar og fødeavdeling frå Kristiansund til Molde er ei krigserklæring. Det blir kanskje fred i Molde. Men det blir ikkje fred på Nordmøre. Eg tør ikkje tenkje på konsekvensane. Dette blir krig, seier Harald Stokke. Og det er verken direktørane eller dei lokale styra som kjem til å ta den endelege avgjerda. Denne saka blir avgjort i departementet, og då blir det eit anna vedtak, seier Stokke til NRK.


• Les saka på NRK Møre og Romsdals sider ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar