onsdag 24. november 2010

Sp avviser fødenedlegging


NRK SOGN OG FJORDANE Helse Vest sitt framlegg om å leggje ned fødetilbodet i Eid og Lærdal er eit uakseptabelt brot på Soria Mora-erklæringa, meiner Senterpartiet.

– Det kan ikkje vere endeleg dersom Helse Vest kjem til eit vedtak om å legge ned, seier Kjersti Toppe (Sp), første nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Ho krev at helseministeren stoppar den planlagde fødenedlegginga.

– Må på bordet til statsråden
Får administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, det som han ønskjer, blir fødetilbodet både i Lærdal og på Nordfjordeid nedlagt.

Dette går fram av innstillinga frå Helse Vest, som vart lagt fram i går. Dei fødande i Nordfjord må reise til sjukehuset i Volda på Sunnmøre, medan kvinnene frå Indre Sogn må føde i Førde og på Voss.

– Det er slått fast i føretakslova at vesentlege endringar som til dømes fødetilbod og akuttkirurgi, ikkje kan gjerast av verken Helse Førde eller Helse Vest. Dette skal på bordet til statsråden og avgjerast der, seier Toppe til NRK.no.

Ikkje imponert over Senterpartiet
Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, er ikkje imponert over Senterpartiet sin innsats i denne saka. Ho meiner regjeringa burde løyve meir pengar til sjukehussektoren for å unngå reduksjonar.

– Senterpartiet seier dei ikkje vil legge ned lokalsjukehus, men dei sit i ei regjering som gir så knappe rammer at forslaget som ligg føre er einaste utveg, seier Brosvik til NRK.no.

Også det ortopediske tilbodet skal sentraliserast i Førde.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar