onsdag 10. november 2010

Nye runder i sjukehussaka


NRK MØRE OG ROMSDAL Styret i Helse-Midt vil ikkje avgjere om føde- og akuttilbodet ved sjukehuset i Kristiansund skal flyttast til Molde no. Dei vil ha grundigare klargjering av konsekvensar først.

Grundig analyse
Det skal gjennomførast ein grundig konsekvensanalyse før funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Molde og Kristiansund blir avgjort.
Det vedtok styret i helse Midt-Noreg i formiddag.

Du kan lese heile vedtaket på Helse Midt-Noreg sine nettsider.

Dei vedtok også at det skal byggast eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Dei legg dermed ballen om eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal død.

- Stor spenning i sykehussaken

Halv siger
Dette er ein halv siger for Kristiansund sjukehus, seier ordføraren i Kristiansund, Per Kristian Øyen.

– Dette betyr jo ei utsetjing av saka før styret gir statsråden eit råd, seier ordføraren.

– Samtidig meiner eg vedtaka som er gjort tidlegare, er gjort på feil grunnlag. Helse Midt-Noreg har ikkje hatt grunnlag for å gjere dei vedtaka dei har gjort. Det har styret i helseforetaket no tatt konsekvensen av.

Mindretal for akutt- og fødetilbod
Eit mindretal på 5 av styret på 14, går inn for å frede akutt- og fødetilbodet i Kristiansund. Øyen er glad for støtta.

– Eg skulle ønske mindretalet var litt større, men det er eit stort mindretal, og eg trur det vil bli lagt merke til, seier Øyen til NRK.

Direktøren i helseforetaket, Bjørn Engum, har innstilt på å bygge nytt sjukehus på Eikrem i Molde.

Direktøren innstilte også på å legge ned akutt- og fødetilbodet i Kristiansund, og flytte det til Molde. Dette vart tatt imot som ei krigserklæring i Kristiansund, i ein allereie oppheita sjukehusstrid.

Drapstrua i knallhard sjukehusstrid

Tilbake til start
Øyen meiner dagens vedtak er å gå tilbake til start i sjukehussaka. Men han trur ikkje nødvendigvis at det er negativt.

– Det gjer at alt blir usikkert igjen. Eg er verken glad, eller ikkje glad for det som no skjer. Eg berre registrerer det, seier kristiansundsordføraren.

Fornøgd styreleiar
Det er Helse Midt-Norge som skal gjennomføre konsekvensanalysen. Styreleiar Kolbjørn Almlid er fornøgd med vedtaket til styret i dag.

– Vi har i dag vedtatt at vi går for to sjukehus i Nordmøre og Romsdal, eit nytt i Molde, men vi går også inn for ei brei analyse av kva dei to sjukehusa skal innehalde. Særleg når det gjeld kvar akutt- og fødetilbodet skal vere, seier styreleiar Kolbjørn Almlid.


Les også:
- Gir ikke opp kampen
Mottok 15000 underskrifter

• Les sakene på NRK Møre og Romsdal ved å klikke her eller på overskriften

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar