onsdag 1. oktober 2008

Fagforbundet Sogn og Fjordane krever politisk kontroll


FRA FAGFORBUNDET SOGN OG FJORDANE:

I et leserinnlegg som er sendt lokalavisene i fylket krever Fagforbundet Sogn og Fjordane en ny sykehuspolitikk. Politisk kontroll og folkevalgt styring er blant krava.

Vi krev ein ny sjukehuspolitikk
I kjølvatnet av sjukehusreforma frå 2002 har vi sett utgreiingar og forslag om sentralisering og nedbygging av fødetilbod og kirurgisk akuttberedskap ved ei rekke lokalsjukehus.
Dette har utløyst sterke folkelege protestar, sjukehusaksjonar har dukka opp over heile landet. Også sjukehusa i dei store byane merkar no nedskjeringspresset.
Vi opplever at sjukehusa er tatt over av byråkratar, økonomar og folk frå privat næringsliv som har tatt i bruk ein bedriftsøkonomisk tankegang som er framand for folk. Pasientar har blitt kundar, behandling blir kalla produksjon og venteliste blir kalla ordrereservar. I tilegg har vi fått eit veksande helsebyråkrati med høge lønningar til direktørane på toppen.
Vi meiner at den bedriftsøkonomiske tankegangen ikkje passar i helsetenesta. Det har vore og er stor semje i befolkninga om at sjukehus ikkje skal drivast som ein butikk, og at ein pasient aldri skal sjåast på som ei vare.
Helsepersonell er ikkje produsentar, men fagpersonar som yter velferdstenester.
Dersom sjukehus-Norge hadde halde fram med det tidlegare offentlege regnskapssystemet, ville dei minst ha gått i balanse eller til og med netto overskot i perioden 2002-2006. Dagens regnskap viser 18 milliardar kroner i underskot. Samtidig har sjukehusa sin andel av bruttonasjonalproduktet vorte mindre sidan 2003. Samanlikna med andre land viser OECD’s statistikk at Noreg ikkje brukar meir pengar på helsetenesta enn det ein forventar av eit land med vårt inntektsnivå.
Desse fakta seier mykje om kva for unødvendige nedskjeringar sjukehusa var vore gjennom dei siste åra.
Organisering av sjukehusa etter modell av privat aksjeselskap slik vi ser med føretaksmodellen er inga god løysing. Om det er stat eller fylkeskommune som er sjukehuseigarar er mindre viktig, det viktigaste no er: Vi krev at det vert teke tilbake politisk kontroll og direkte folkevalt styring med utviklinga av spesialisthelsetenesta. Stogge marknadstilpassinga og privatiseringa av tenestetilbodet.

Fagforbundet Sogn og Fjordane oppfordrar andre organisasjonar og enkeltpersonar til å støtte dette oppropet.

Solveig Norevik Kjell Nygård
-fylkesleiar- -føretakstillitsvald Fagforbundet Helse Førde-


---------------------------------------------------------------------------

Folkebevegelsen for lokalsykehusene støtter selvfølgelig dette glimrende oppropet fra Fagforbundet Sogn og Fjordane!

• Klikk her eller på overskriften for å lese oppropet på Fagforbundet Sogn og Fjordanes sider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar