fredag 24. oktober 2008

Frå Nordfjord til Volda med flis i fingeren

Atle Tennebø meiner det blir for dumt å sende pasientar til Volda for å ta ei flis ut av fingeren, og ser det komiske i situasjonen. Men bak ligg alvoret.

Atle Tennebø meiner flisa han fikk i fingeren viser kor dumt systemet og den nye ordninga eter ortopedivedtaket er blitt. Han måtte heilt til Volda for eitt snitt og eitt sting i fingeren.

Tennebø forstår ikkje kva ein skal med eit lokalsjukehus dersom dei ikkje kan utføre slike små akutte operasjonar. Han fryktar at det er ei sniknedlegging av Nordfjord sjukehus som er i ferd med å skje.

- For kva i all verda skal vi med eit nærsjukehus når dei ikkje kan gjere slike operasjonar? Eg er redd for at dette får folk til å tenke at det ikkje er nødvendig med eit lokalsjukehus. For skal ein ha eit lokalsjukehus, må det jo vere for å ta akutte operasjonar. Dei andre operasjonane kan ein jo i større grad velge kor ein vil bli operert, og då kan ein like gjerne reise til Bergen, seier han.

Tennebø meiner det er lang veg for ein så liten skade når ein har eit lokalsjukehus som kunne ha gjort jobben.

• Les saka i Fjordenes Tidende ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar