onsdag 29. oktober 2008

Pasientombod i Sogn og Fjordane: Om retten til fritt sjukehusval


FJORDABLADET: INNLEGG AV PASIENTOMBOD OVE MJÅTVEIT
- Faglege vurderingane syns eg har fått for liten plass i den offentlege debatten kring ortopedivedtaklet, seier pasientombod Ove Mjåtveit.

Retten til fritt sjukehusval har vore tema i den aktuelle debatten om det såkalla ortopedivedtaket til føretaket Helse Førde. Saka er sett på spissen av leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen – som har oppmoda folk til å velje andre sjukehus enn Førde sentralsjukehus nettopp på grunn av dette vedtaket. Det har ført til reaksjonar frå føretaket og frå andre, som meiner Hansen går for langt, og på den måten undergrev alle sjukehusa i fylket.
I eit oppslag i avisa Firda den 24.10.08, blir Hansen konfrontert med oppmodinga si, og journalist Arild Nybø viser i eitt av sine spørsmål til at fritt sjukehusval ikkje gjeld i akutte tilfelle, noko Hansen meiner at det gjer. Også underteikna har kommentert at retten til å velje også kan gjelde i akutte tilfelle (i intervju i avisa Fjordabladet den 11.10.08). Eg meiner Hansen har eit poeng, fordi det ikkje i alle tilfelle er like eintydig kva som er akutte situasjonar, men også fordi denne pasientrettigheten må kunne gjelde når praktiske grunnar tilseier at pasienten bør få velje. Dette synet er også støtta av to leiande helserettsjuristar.
Retten til fritt sjukehusval er heimla i pasientrettighetslova § 2-4, og i lovteksten står det mellom anna at: «Pasienten har rett til å velge på hvilket sykehus, ... behandlingen skal foretas. ... Pasienten kan ikke velge behandlingsnivå». I lovteksten står det derimot ikkje at akutte situasjonar er unntatt.

Professorane Aslak Syse og Asbjørn Kjønstad, begge med helserett som spesialområde, har i kvar si kommentarbok drøfta om denne retten også gjeld i akutte situasjonar. Syse skriv t.d. at: «Selv om retten til et fritt sykehusvalg i utgangspunktet ikke gjelder i øyeblikkelig hjelp-situasjoner, kan situasjonen tilsi at pasientens ønske om å fraktes til ett bestemt sykehus, bør oppfylles. Dersom for eksempel pasienten lett kan transporteres til det sykehuset hvor vedkommende ønsker seg behandlet, og uten at akuttberedskapen i området blir lidende av dette, vil det være rimelig å oppfylle et slikt ønske». Kjønstad skriv at: «Etter vanlig språkbruk omfatter begrepet «behandling» både øyeblikkelig hjelp og planlagt (elektiv) behandling. Av lovforarbeidene ser det imidlertid ut til at retten til å velge sykehus bare skal gjelde ved den elektive behandlingen. Dette er gjentatt i forarbeidene til endringsloven av 12. desember 2003. Dette framgår imidlertid ikke av lovens ordlyd, og i spesialisthelsetjenesteloven § 3-1 er retten til øyeblikkelig hjelp ikke knyttet til vedkommendes bostedsregion. Etter min mening må den som f.eks. blir skadet i en bilulykke,
kunne velge nærmeste sykehus som er kompetent til å gi hjelp». Dersom ein les i forarbeida til spesialisthelsetenestelova (Ot prp nr 10 [98/99]), vil ein også sjå at øyeblikkelig hjelp der (av departementet) blir definert som å «gjenopprette og/eller vedlikeholde de vitale funksjoner, forhindre og/eller begrense alvorlig funksjonsnedsettelse som følge av skade eller sykdom, gi adekvat smertebehandling ved svære smertetilstander av kortvarig art».

I skadesituasjonen er legen forplikta til å setje i verk ein sjuketransport eller ei behandling som er fagleg forsvarleg. Nettopp dei faglege vurderingane syns eg har fått for liten plass i den offentlege debatten. For å bruke lårhalsbrot som døme (jf. medieoppslag), så vil eg tru at følgjande saksopplysningar er vesentlege for den som har det faglege ansvaret; I følgje Norsk elektronisk legehandbok er 5-10 prosent døde ein månad etter å ha fått eit slik brot. 1 av 5 personar dør i løpet av det kommande året. Meir enn 10 % av dei som overlever eit lårhalsbrot vil vere ute av stand til å vende tilbake til eigen bustad. Slike fakta illustrerer etter mi meining alvoret av ein slik skade, og at den faglege grunngjevinga for behandlingsprosessen må liggje i botnen av eit ortopedivedtak – slik det også må for andre vedtak eller prosedyrar i helseføretaket vårt. Det er difor særleg viktig at ortopedar som måtte vere usamde i vedtaket, får lov til å uttale seg om dette, slik at vi er sikre på at alle argument som har med behandlingskvalitet å gjere kjem fram. Den same uttaleretten bør gjelde for andre legar som meiner at faglege grunngjevingar må vike for økonomiske, politiske eller andre årsaker. Kor lenge må pasientane vente på operasjon, korleis går det med dei som blir operert, kor mange må liggje på gangen, kor mange får sjukehusinfeksjonar, kor mange må reopererast, brukar sjukehusa metodar og utstyr som gir best kvalitet osv.? For pasienten er dette vektige grunnar når sjukdom og skade oppstår. Diverre er data om slike forhold til dels dårlege eller fråverande, og vi veit såleis i mange tilfelle ikkje om behandlinga er best på små, middels eller store sjukehus – eller for den del om det er andre forhold som gir best kvalitet. Enkelte fryktar også at slike data vil kunne føre til underrapportering og manipulering av tal, for å unngå å komme dårleg ut i statistikken. Det er i alle fall slik at inntil ein har pålitelege tal, vil synsing og meir eller mindre kvalifisert gjetting, åleine vere det vi har å halde oss til. Det er ikkje pasientane tente med.

Dei enkeltsakene som er komme fram i media, har ført til at Helsetilsynet har bedt om innsyn og tilbakemelding frå føretaket. Tilsynet si vurdering av ortopedivedtaket sine verknader er viktig. På bakgrunn av det eg har funne om retten til fritt sjukehusval, ville det også ha vore av stor interesse å få vite kva tilsynet meiner i ei konkret sak der pasienten meiner han/ho ikkje har fått rett til å velje. Eg vil difor avslutningsvis oppmode pasientar som har opplevd dette på nært hald, og som av den grunn meiner at vedtaket har ført til uforsvarleg behandling eller omsorg (begge deler må vere forsvarleg), om å klage til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane – slik at tilsynet si vurdering skjer på eit breiast mogeleg grunnlag. Tilsvarande vil eg oppfordre pasientar til å klage dersom dei meiner dei burde fått lov til å velje eit anna sjukehus enn det som vart valt for dei. Berre slik vil vi få vite om pasienten hadde rett til å velje, og om behandling og omsorg var forsvarleg. Pasientombodet har høve til å hjelpe til med å drøfte og til å formulere forslag til slike klager.

• Les innlegget i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar