torsdag 25. februar 2010

Tilsette klagar inn Helse Vest for Riksrevisjonen


NRK SOGN OG FJORDANE Dei fire tilsetterepresentantane i Helse Førde-styret klagar Helse Vest inn for Riksrevisjonen.

Tilsetterepresentantane meiner Helse Vest sviktar ansvaret sitt for sjukehustilbodet til innbyggjarane i Sogn og Fjordane, skriv Firda.

Får ikkje tilbod
Etter at regionføretaket vedtok ei investeringsråme som nesten ikkje gir rom for fornying av medisinsk-teknisk utstyr, ber dei Riksrevisor Jørgen Kosmo vurdere om Helse Vest oppfyller "syte føre"-ansvaret sitt.
- Mykje av utstyret er så gammalt at det knapt finst reservedelar. Det handlar ikkje berre om at tilbod blir dårlegare enn det optimale, men om at innbyggjarane i ein del tilfelle ikkje i det heile får det tilbodet dei skulle ha, seier Rune Larsen til avisa.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar