onsdag 8. desember 2010

Luciafeiring: Kampen for sjukehuset held fram


FJORDABLADET Vi har ikkje råd til å miste nokon av borna våre, verken dei som er fødde, eller dei som enno ikkje er fødde, eller andre vi er glade i. Borna har heller ikkje råd til å miste nokon av sine forelder.

Dette seier Janne Grete Endal Andersson som meiner helseministeren både er overfladisk og lettvint i sin argumentasjon for å gjere endringar i sjukehustilbodet i Nordfjord.

– At helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen avviser protestane som har kome fram med eit smil og seier at dette berre er «endringsmotstand» er lettvint og overfladisk og er som tatt ut av ein innhaldsforteiking frå ei bok i organisasjon og leiing. Det er arrogant, kynisk og hjartelaust og passar betre inn i ei Dickens historie frå 1800-talet og ikkje i eit moderne norsk oljeeventyr, seier Janne Grete Endal Andersson som har teke initiativ til ei oppfølgjande kampanje for å bli høyrt i kampen for lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

– Eg har teke initiativ til ein «Flash Mob song» i Nordfjord med borna i fokus på Luciadagen, seier ho.

– Det er vi som bur i denne fjorden som må ta konsekvensane av nedlegging av fødetilbodet og vi veit at liv vil gå tapt som følgje av dette. Vi har ikkje råd til å miste nokon av borna våre, verken dei som er fødde, eller dei som enno ikkje er fødde, eller andre vi er glade i. Borna har heller ikkje råd til å miste nokon av sine forelder. Det er vårt ansvar som foreldre å sikre borna våre – og komande generasjonar si framtid! Foreldre og born i Nordfjord, og elles alle som ønskjer, oppmodast til å møte opp ved julegrana i ei av desse Nordfjord- grendene: Svelgen - Måløy - Selje - Eid - Sandane - Hornindal - Stryn, og synge saman med borna i kor i heile fjorden!

«Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusende barne hender mot himmelen ljosa held.»

Eg har blitt fortalt at Jakob Sande, som gjekk på skule på Nordfjordeid, skreiv denne songen inspirert av ei bygd i Nordfjord. Vi syng dette verset sju gongar, ein gong for kvar kommune i Nordfjord, frå hjartet til hjartet med ønske om at det framleis skal lyse i stille grender i framtida.
– Vi vonar at dei vakre stemmene til Nordfjord borna blir høyrt heilt inn til hjarta til Jens og Anne Grete i Oslo og at NRK vil bidra til denne stemningsfulle markeringa med dekning.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar