onsdag 8. desember 2010

Vurderer protest-utmelding


SOGN AVIS Lege og Ap-politikar vurderer å melda seg ut av partiet.

Geir Berge Øverland, seksjonsoverlege og sentral Ap-politikar i Lærdal, fryktar sjukehuset i Lærdal vil rotna på rot dersom vedtaket frå Helse Vest blir ståande

– Det vil bli ekstremt vanskeleg å rekruttera folk, også innan ortopedi, når situasjonen er så usikker som den er no, seier Øverland, som også signaliserer at han vil melda seg ut av Arbeidarpartiet dersom ikkje helseministeren grip inn og gjer om vedtaket.

– Eg har tidlegare klart sagt frå i kommunestyret at eg melder eg ut dersom vedtaket om nedlegging blir ståande. Men eg vil gje helseministaren ein sjanse til å uttala seg fyrst.

Likar det ikkje
Øverland legg ikkje skjul på at han ikkje er glad for vedtaket som Helse Vest gjorde når det gjeld nedlegging av fødetilbod og ortopedi ved sjukehuset i Lærdal.

– No seier dei rett nok at ortopedi og urologi i Lærdal skal drivast inntil vidare. Men det er ikkje sagt noko om kor lenge, noko som slett ikkje er gunstig for rekrutteringssituasjonen. Så eg ser ikkje på dette som noko godt vedtak verken for føden eller ortopedien.

Brot
Øverland oppfattar nedleggingsvedtaket som eit klart brot på det som er sagt om innhaldet i lokalsjukehusa tidlegare og med Soria Moria.

– Eg kan ikkje skjøna at dei kan kalla det eit lokalsjukehus etter dei vedtaka. Arbeidstilhøva blir slik at det til slutt ikkje er nokon som kan jobba på slike premissar. Medisinsk avdeling med 15 senger skal ha tilstadesvakt. Det vil seia at legane søv på sjukehuset og er til stades heile døgnet. Du får ikkje ein utdanna indremedisinar til å ta slike jobbar.

Kvalitet
Seksjonsoverlegen stiller også spørsmål ved argumentet om at kvaliteten blir for dårleg ved eit sjukehus som Lærdal.

– Lærdal har i dag ein produksjon som er utruleg nisjeprega. Her er høgspesialiserte legar som er på topp i landet. Pasientar som har vore på sjukehuset har ikkje noko å utsetja på kvaliteten på tilbodet, Lærdal skårar høgt på alle slike pasientundersøkingar. Fødeavdelinga fekk også ein pris for arbeidet den gjer. Økonomisk er også ortopediavdelinga i Lærdal den som står seg best blant ortopediavdelingane i fylket. Så eg stiller meg heilt uforståande til den argumentasjonen som blir brukt for å legga ned desse tilboda i Lærdal.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar