torsdag 6. mars 2008

Brukarutvalet i Helse Fonna: Pasientar er inga vare!

Avisa Sunnhordland skriv på leiarplass:
"BRUKARUTVALET i Helse Fonna peikar etter vårt syn på noko vesentleg når dei hevdar at bedriftsøkonomisk tankegang ikkje høyrer heime i helsetenesta. Påstandane om ei statleg skeivfordeling av midlane til helseføretaka er eit stadig tilbakevendande fenomen i brukarutvalet sine møte. Det synest å vera ein ustoppeleg karusell som både fysisk og psykisk tærer på pasientsituasjonen og drifta av sjukehusa, skriv brukarutvalet i ei fråsegn. Etter brukarutvalet si meining må eit godt helsetilbod ta utgangspunkt i befolkninga sitt behov, og ikkje etter kva som er lønsamt for enkelte sjukehus eller helseføretak.

DETTE SISTE er, slik me ser det, essensen i den striden som no er i gang. Me kan ikkje sjå anna enn at helseminister Sylvia Brustad er på vikande front og bør tenkja seg nøye om etter at ho for open kanal nyleg stengde alle kranar i høve til ekstraløyvingar for å få helsebudsjetta i hop. Der kutta ministeren etter vårt syn si eiga "Brustabru"."

• Les heile leiaren i avisa Sunnhordland på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar