torsdag 6. mars 2008

Pressa statsministeren til sjukehusgaranti

(Seint men vonaleg godt:)
Under spørjetimen i Stortinget 30. januar utfordra Venstre sin helsepolitiske talsmann, Gunvald Ludvigsen, statsministeren om lokalsjukehusa. - Kan statsministeren gje ein garanti om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, spurde Ludvigsen. Han fekk eit krystallklart svar frå Stoltenberg: - Ja, det kan eg garantere.

Bakgrunnen for Venstres spørsmål er nedslåande signal frå helse-Noreg, der mange lokalsjukehus vert truga av nedlegging. Økonomien ved sjukehusa i landet er pressa, noko som ikkje minst gjeld lokalsjukehusa. Tidlegare i januar skapte SV sin Olav Gunnar Ballo ny uvisse om lokalsjukehusa, med følgjande kommentar i Dagens Næringsliv (12.01.08): "Noen sykehus vil det nok være riktig å legge helt ned. Vi kan jo ikke ha som mål at enhver tjeneste skal bestå."

- Eg meiner det er gledeleg at statsministeren gav ein garanti utan atterhald, sier Ludvigsen. - Utsegnene frå Ballo er stikk i strid med regjeringa sine lovnader. Lokalsjukehusa har ein særs viktig funksjon i dagens og framtidas helse-Noreg. Vi kan ikkje akseptere at regjeringa sine eigne representantar skaper utryggleik om lokalsjukehusa, seier Ludvigsen.

• Les heile saka på Venstre sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar