søndag 2. mars 2008

Sogn og Fjordane SV krev: Sjukehusa tilbake til demokratisk styring!

- Seks år etter at sjukehusa vart overtekne av staten og organiserte i helseføretak, er både den folkelege uroen og underskota i sektoren større enn nokon gong. Tida er meir enn mogen for eit oppgjer med reformen som tok eit viktig velferdsgode vekk frå demokratisk kontroll, seier Heidi-Kathrin Osland etter sjukehusdebatten på Sogn og Fjordane SV sitt fylkesårsmøte i Balestrand.

- Konsernmodell og forretningsmessig rekneskapsføring er ikkje eigna verktøy for styring av spesialisthelsetenesta. Sogn og Fjordane SV har merka seg at Helse Vest, med kommunale rekneskapsprinsipp, samla for dei tre siste åra ville hatt eit positivt resultat på 46 mill. kroner. I lys av dette, framstår det som absurd at Helse Førde har eit kuttkrav på 100 mill. kroner for 2008 på toppen av eit innvilga underskot på 40 mill, hevdar Osland.

- Den økonomiske situasjonen er ikkje ein følgje av nokon sløsekultur på sjukehusa eller overbehandling av pasientar. Presset om strukturelle endringar i spesialisthelsetenesta må sjåast på som ein konsekvens av ein ideologi, ikkje av overforbruk.

I ei fråsegn frå fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane SV heiter det: "Sogn og Fjordane SV seier nei til New Public Financial Management-tenkinga og krev at sjukehusa vert tekne tilbake til demokratisk styring og underlagt forvaltningsmessige drifts- og rekneskapsprinsipp. Berre politisk styring av innholdet i små og store sjukehus kan sikre eit likeverdig tilbod til folk over heile landet. Regjeringspartia må stå fast på Soria Moria-erklæringa som slår fast at folk skal ha nærheit til akuttfunksjoner og fødetilbod og at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned."

• Klikk på overskrifta her for å sjå saka på Sogn og Fjordane SV sine nettsider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar