torsdag 6. mars 2008

Helse Fonna: Kolnes vil ikkje lya

Herlof Nilssen i Helse Vest krev nedbemanning av 80 årsverk i Helse Fonna. Fonna-direktør Johannes Kolnes seier nei.

Frå administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest kjem det krav om reduksjon av 80 årsverk i Helse Fonna. Det vil ikkje administrerande direktør Johannes Kolnes gjennomføra. - Ei så formidabel nedbemanning vil vera eit trugsmål mot Helse Fonna sin gjeldande strategi og vedtekne lokalsjukehusprosjekt, seier han i ei pressemelding.

Måndag skal styret i Helse Fonna drøfta innsparing av 60 millionar kroner på drifta i 2008. Leiinga sitt forslag er jamnt kutt over heile fjøla, etter ostehøvelprinsippet.

Helse Vest opplyser at dei held fast på vedtaket om meir kontroll av sjukehusa si økonomistyring. Herlof Nilssen meiner ein kan kutta 80 årsverk utan dramatikk. Det er mykje å spara på overtid og innleigd arbeidskraft, seier den utflytta bømlingen.

Johannes Kolnes nedbemanna 57 årsverk i fjor.

• Les heile saka i avisa Sunnhordland på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar