torsdag 12. november 2009

Firda Tidend: Kan sprengje fylket


LEIAR I FIRDA TIDEND To utspel dei siste dagane, som trygt kan sjåast på som to sider av same sak, gjer at Sogn og Fjordane står i ein viss fare for å bli sprengt i bitar. Det handlar sjølvsagt om sjukehussaka, og det gjeld utspela frå Ap-laga i Førde, Flora og Sogndal som vil at meir av fylkeskommunen sin næringspolitikk må rettast inn mot desse tre småsentra. Noko som sjølvsagt betyr at resten av kommunane, 23 i talet, skal få mindre midlar og dårlegare høve til å utvikle sitt viktige næringsliv.

Sjukehussaka har lenge styrt mot eit klimaks, der det reelle valet til sjuande og sist vil bli som følgjer: Enten å halde oppe tre lokalsjukehus med akuttfunksjonar og rimeleg godt tilbod, der Sentralsjukehuset må byggast ned, eller å halde oppe Sentralsjukehuset og bygge ned sjukehusa i Lærdal og Nordfjordeid til meir typen medisinsk oppbevaringssenter. Det er truleg grenser for kor lenge helseføretaka kan operere med svimlande underskot. Og får ikkje Helse Førde tilført meir midlar, har vi problem med å sjå at ein kjem unna dette valet.

Vi trur også at det er denne erkjenninga tretten ordførarar som naturleg soknar til Sentralsjukehuset er komne til når dei vel å gå ut i det offentlege rommet med ei støtteerklæring til sjukehuset i Førde. Det må naturlegvis vere deira demokratiske rett å forsvare sitt sjukehus, men det ligg også i korta at om dei får det som dei ønskjer, vil det bety nedbygging, og i praksis avvikling av sjukehusa i Nordfjord og Sogn slik vi ser dei i dag. Difor er også motreaksjonane sterke, somme kallar det ei krigserklæring, og vi har på denne måten fått ei klar synleggjering av motpolane i sjukehussaka.

Den offentlege debatten her i fylket er ofte prega av at ein prøver å gjere seg større enn ein er. Men vi er altså eit av landets minste fylke, som utgjer ein bydel i Bergen i folketal. Hadde det ikkje vore for fjordar, fjell og eit stort og svimlande vakkert bygdelandskap, ville det vore kurant med eitt sjukehus. Problemet no er at folk ikkje kjenner seg trygge med det mange plassar i fylket, dette til trass for at ein har ei ambulanseteneste som har vorte godt utbygt. Desse meiner det er heilt avgjerande å ha eitt fungerande sjukehus i kvar region, og at ein heller bør la Haukeland overta sentralsjukehusfunksjonen, som dei alt har deler av, det har ein fagleg standard som er på topp i landet.

Det kan argumenterast fram og tilbake, for og i mot alle desse synspunkta. Men dei som ikkje forstår den krafta som ligg i sjukehussaka her i fylket, er heilt historielause og forstår rett og slett ikkje kva dei arbeider med. Det er slike kjensler og styrke i denne saka at fylket kan sprekke på heile greia. I nord ser dei i så fall mot Møre og Romsdal, og i sør mot Bergen.

På toppen vert dette krydra av eit heilt tåpeleg Ap-utspel om at tre småsenter i fylket skal forfordelast når det gjeld fylkeskommunale næringsmidlar. Dette er provoserande for alle andre kommunar m.a. heile Nordfjord, 23 i talet, som faktisk er ein del av dette fellesskapet og som alle gjer sitt beste for å utvikle seg. Dei som har fylgt med, veit at det har vore ført ein sentraliseringspolitikk i dette fylket gjennom fleire tiår, no er det på tide å tenke nye tankar og ikkje la det gamle Ap-vrakgodset få herje på lenger.

Samla er det kraft i desse sakene til å velte fylket. Kanskje vi snart burde satse på andre reiskap enn blinde bulldosarar?

• Les leiaren i Firda Tidend ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar