onsdag 11. november 2009
Sjukehusmøte i Nordfjord: Slo ring om sjukehuset
FJORDABLADET Rune Muri leverte ein sterk søknad for bevaring av ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus og hausta ståande applaus på sjukehusmøtet på Nordfjordeid i går kveld.
(…)
Nordfjordingane mobiliserer mot det dei opplever som trugsmål om ytterlegare rasering av Nordfjord sjukehus. Bakgrunnen er at administrasjonen i Helse Førde er i ferd med å gjennomføre utgreiingar som kan innebere å leggje ned ei av dei tre ortopediske avdelingane i Sogn og Fjordane. Dersom det er Nordfjord som står for fall, er frykta stor for at også fødeavdeling og tilleggsfunksjonar kan gå med i dragsuget. På møtet var det fleire sterke innlegg med historier som dokumenterte trongen for å oppretthalde eit fullverdig lokalsjukehus som minst inneheld dagens funksjonar.
Det er slett ikkje alltid helikopter kan lande, og det er lang veg til Førde frå Yste Stadlandet i ambulanse.
– Vi i Nordfjord finn oss ikkje i å verte behandla som annanrangs borgarar. Vi vil ha vår tryggleik. Vi vil ha sjukehuset vårt. Eg trur nok det vert Volda for meg og mange andre, sa ei engasjert Magna Kvalheim i aksjonsgruppa for Nordfjord sjukehus. Ho bad Helse Førde-styret om å tenkje seg om både tre og fire gonger før dei byggjer ned tilbodet.
• Les heile saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar