mandag 30. november 2009

Uttale frå Forsvar Lærdal sjukehus: Ordførar på soloferd


ORDFØRAR PÅ SOLOFERD

I Lærdal har det vore tverrpolitisk semje om at ein vil arbeida for å halda oppe fullverdige lokalsjukehustenester for befolkninga i Sogn. Med lange avstandar og usikre vegar til andre sjukehus har det vore semje om at mellom anna det lokale fødetilbodet må sikrast for å gje tryggheit for liv og helse.

I Lærdal formannskap si sjukehusfråsegn 17. november 2009 vart Helse Førde oppmoda om å ta i bruk prosesskrava som det nasjonale lokalsjukehusutvalet kom med i sin rapport frå 2007 og sikre brei deltaking, godt forarbeid, informasjon og reell brukarmedverknad i omstillingsprosessane. Vi er derfor overraska over at Lærdals-ordførar Arne Sanden før helga brått gjekk ut og signaliserte ei vesentleg endring i politisk holdning til den kanskje viktigaste politiske saka i kommunen – utan at det har vore noka brei deltaking, forarbeid, informasjon eller medverknad frå fagfolk, brukarar og organisasjonar i kommunen.

Ordføraren opplyste til media at det var eit samla Ap og Sp som stod bak kursendringa og at opposisjonen ikkje hadde vesentlege merknader. Gjennom media har vi registrert at dette er feil; mange av kommunepolitikarane i Lærdal fekk informasjon om standpunktskiftet gjennom media, og partia hadde ikkje hatt høve til å drøfta saka på medlemsmøte.

Ordførar Sanden si handtering av denne saka har skapt sterke reaksjonar lokalt og utryggheit blant gravide i regionen. Aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus meinar at ordføraren sitt utspel om kursendring i høve til lokalt fødetilbod ikkje er forankra i det politiske miljøet og dei ulike lag og organisasjonar i Lærdal og Indre Sogn. Me vonar flest mogeleg vil gje uttrykk for dette, gjerne gjennom å støtte denne fråsegna.


Bente Øien Hauge
Forsvar Lærdal sjukehus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar