torsdag 4. mars 2010

Fjordabladet: Det handlar om tillit


LEIAR I FJORDABLADET, 3. MARS 2010: Spørsmålet om Jon Bolstad sin leiarstil er samansett og svært alvorleg.

Bråket i Helse Førde starta ikkje den dagen Jon Bolstad vart tilsett som administrerande direktør, det vart berre forsterka. Kvifor det var bråk også før Bolstad si tid, veit dei fleste mykje om. Kvifor støynivået vart høgare etter at han kom, bør ein ha eit nyansert syn på. Fleire av dei sakene som no rullar gjennom eteren, og som Nrk Sogn og Fjordane skal ha ros for at dei køyrer, er berre ein del av eit større og langt meir samansett problem. Eit problem som vi er i tvil om at styret med styreleiar Clara Øberg i spissen heilt ut forstår og er i stand til å takle.

Det er ingen tvil om at personalsakene og den pågåande debatten rundt Jon Bolstad sin leiarstil, og hans måte å takle sine eigne tilsette på er svært viktig. Så viktig at det trengst ei heilt anna haldning til desse spørsmåla enn å berre avfeie dei som vikarierande saker for å reise ein annan debatt. Ein debatt om funksjonsdeling mellom sjukehusa i fylket.
Dette er ein simpel måte å avfeie eit stort problem på. Mange av sakene som no kjem fram i ny drakt i Nrk Sogn og Fjordane, er vel kjende for administrasjonen og styret. Det er også slik at saker som ikkje har funne si løysing, kjem opp til ei løysing har funne stad. Sagt på ein annan og meir presis måte, så tyder det på at styret har vore kjent med sakene men har valt å feie dei under teppet i påvente at dei skal forsvinne av seg sjølv. Så har ikkje skjedd. Styret har ikkje gjort jobben sin, og sit difor tilbake med eit problem som også må få følgjer for styret sjølv.

Tilbake til utgangspunktet og påstanden om at støynivået har auka i Jon Bolstad si «regjeringstid». Det første store grepet Jon Bolstad gjorde som administrerande direktør var å «omorganisere» heile helseføretaket. Ein gjekk bort frå at kvart sjukehus hadde sin eigen direktør, og at kvart sjukehus hadde sitt eige budsjett å halde seg til. Fram til Bolstad si tid hadde denne organiseringa fungert godt for sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Det store problemet var pengesluket i Førde. Gjennom å organisere heile helseføretaket i klinikkar, på tvers av institusjonane, greidde ein å få fokuset bort frå det verkeleg problemet. Det ein fekk i tillegg var eit nytt organisatorisk problem, der kommandolinene vart uklare og fragmenterte. Der stort sett berre tilsette ved sjukehuset i Førde vart inkluderte i prosessane. Der ein fekk A og B-tilsette.

Denne organiseringa førte også til at ein fekk ein ny og annan debatt. Spørsmålet om kostnadene med tre lokalsjukehus. Konklusjonen er langt på veg trekt. Noko skal bort og nedbygginga av lokalsjukehusa har allereie starta. Dette vert gjort utan gode prosessar, der synspunkt frå fagpersonalet ved dei ulike institusjonane ikkje blir tatt på alvor. Mest alle sakene som no kjem fram om Bolstad sin leiarstil har tilknyting til fagleg usemje rundt desse spørsmåla. Det handlar om vener og fiendar. Venen er samde med sjefen – dei andre er fiendar. Det illustrerer at problemet om leiarstil er langt meir samansett og alvorleg enn vanvittige møbelkjøp, nokre sinte telefonar på kveldstid og ei rekkje «inn på teppet»- saker. Det kan ikkje styret sitte å sjå på utan å gjere noko. Det handlar altså om meir enn tilsette sin tillit til sjefen. Det handlar også om befolkninga sin tillit til styret!

• Les leiaren i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar