mandag 1. mars 2010

Vil dei raudgrøne sentralt svikte lokalsjukehusa?


INNLEGG I "KYSTPULS", FIRDAPOSTEN SIN LOKALSONE PÅ ORIGO Raudt Sogn og Fjordane meiner at staten må sikre økonomi til å oppretthalde både lokalsjukehusa med sine noverande funksjonar og sjukehuset i Førde. Stortinget må gje tilleggsløyving. Raudt vil ha eit rekneskapssystem som elles i offentleg forvalting – det ville ha fjerna eit økonomisk underskot som verkar konstruert for å presse både tilsette og heile institusjonar.`

Det er merkeleg å sjå korleis enkelte politikarar, ikkje minst raudgrøne, oppfører seg. På den eine sida: Ordførarane i lokalsjukehus-kommunane går stillare i dørene. Ap-ordføraren i Lærdal ville leggje ned fødetilbodet der og ha samarbeid med styret i Helse Førde (staten sin bøddel her i fylket). Det er mindre å høyre frå Ap-ordføraren i Eid, Sonja Edvardsen. Er det gjeve ordre frå sentralt raudgrønt hald?

På den andre sida, i kamp for sjukehusa, finn vi merkeleg nok også AP-representanten Ingrid Heggø. ”Merkeleg nok” fordi Heggø faktisk representerer det stortingsfleirtalet som ikkje har vedteke høge nok løyvingar til oppretthalding av sjukehusa med funksjonane dei i dag har.

Frå sentralt raudgrønt partihald blir det no, heilt uoffisielt, lagt opp til at lokalsjukehusa i Eid og Lærdal skal omstrukturerast til nedgraderte samhandlingsinstitusjonar. Det burde Heggø seie ope ut i, staden for å spørje etter konsekvensutgreiing på kva hennar eiga regjering, tvingar Helse Førde til å gjere. Men ho skal vel ha ein periode til på Stortinget, og då løner det seg med list.

Årdal AP representerer det positive unntaket når dei i ei uttale frå årsmøtet krev at sjukehusreforma blir evaluert. I tillegg står dei fast på kravet om behalde eit desentralisert sjukehustilbod med akuttberedskap og fødetilbod ved Lærdal sjukehus. Raudt meiner dette er viktige krav og burde vere alle raudgrøne politikarar sin politikk - også regjeringa sin.

Fylkesårsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane

- Les innlegget i FIrdapostens Origosone Kystpuls ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar