søndag 7. mars 2010

Uttale frå Senterpartiet Sogn og Fjordane: Sjukehus for framtida


Uttale frå årsmøtet til Senterpartiet Sogn og Fjordane, vedteke 5. og 6. mars 2010:

SJUKEHUS FOR FRAMTIDA

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner dagens sjukehusstrid er skadeleg for fylket både på kort og lang sikt. Ein slik strid skapar unødig splid mellom kommunar, folk og regionar og gjer at innbyggjarane føler seg usikre og utrygge. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti er uroa over utviklinga for sjukehusa i fylket, og kan ikkje godta ei utvikling som er i strid med Soria Moria II.

Forslag om nedlegging og svekking av fødeavdelingar, ambulansetenester og andre desentraliserte høgkvalitetstilbod på tvers av politisk vilje og lokal styring, syner etter vår meining at det trengs ei snarleg evaluering av føretaksmodellen og finansieringssystemet for spesialisthelsetenesta.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner:
• at vi skal ha fullverdige lokalsjukehus med akuttberedskap og fødetilbod for å sikre trygg, sikker og rask hjelp.
• at ambulansetenesta skal vere god med høge faglege krav til dei tilsette, og den skal vere tilgjengeleg i heile fylket.
• at vi skal ha eit sterkt sentralsjukehus som bidreg til å ha eit godt fagmiljø i heile fylket, og som er ei drivkraft for rekruttering og kompetanseutvikling til beste for alle sjukehusa i fylket - der alle sjukehusa dreg nytte av kvarandre sin kompetanse.
• at Helse Førde må gjennomføre ei funksjonsfordeling mellom sjukehusa som gjev eit best mogleg tilbod, og gjev eit sterkt fagmiljø ved kvart enkelt sjukehus
• at for å oppretthalde tilbodet på sjukehusa må dei økonomiske rammevilkåra vere på plass.

Les uttalen på Sogn og Fjordane Senterparti sine sider ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar