tirsdag 4. mai 2010

Klinikkdirektør: – Florø-klinikk ikkje nedlagt (!)


FIRDAPOSTEN Klinikkdirektør for kirurgi i Helse Førde, Tore Dvergsdal, understrekar at kirurgisk poliklinikk i Florø ikkje er lagt ned. Men folk på avdelinga er det ikkje.

Spørsmålet om kirurgisk poliklinikk i Florø er lagt ned eller ikkje, ser no ut til å vere like mykje ei problemstilling for filosofar og filologar, som for medisinske fagfolk.

På spørsmål om Helse Førde har lagt ned kirurgisk poliklinikk i Florø, svarer klinikkdirektør for kirurgi i Helse Førde, Tore Dvergsdal, eit klart nei.

Han viser til at vedtaket i foretaksmøtet i 2008 vart gjort i ei tid då sjukehuset i Florø vart drive som eit såkalla Nærsjukehus. Dette vedtaket seier at poliklinikkane ved lokalsjukehuset i Forø skal drivast vidare og driftsmodellen vidareutviklast.

- Kirurgisk poliklinikk i Florø er ikkje lagt ned, men vi kjem ikkje til å tilsetje nokon med lokasjon Florø til å erstatte kirurg Trygve Nybø, seier Dvergsdal.

Han viser til at det vil bli drift ved kirurgisk poliklinikk i Florø dersom det skulle vere behov for det, og då vil ein bruke folk som er tilsette ved Sentralsjukehuset til å utføre tenestene.

Ein sjekk på Florø sjukehus fortel oss at lokala til kirurgisk poliklinikk i Florø er mørklagde og at det ikkje er nokon tilsette til stades der. Sjukepleiarane som jobba der, er overførte til teneste på sentralsjukehuset.

• Les saka i Firdaposten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar