tirsdag 4. mai 2010

Strøm-Erichsen: Vernar om lokalsjukehusa


NRK SOGN OG FJORDANE - Lokalmedisinske senter skal kome i tillegg til lokalsjukehusa, ikkje som ei erstatning. Det seier helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Det oppsiktsvekkande utspelet frå Stortinget sin talarstol reiser spørsmål om Helse Førde får lov til å erstatte lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal med lokalmedisinske senter.

Helse Førde meiner dette er naudsynt fordi dei ser føre seg eit framtidig innsparingsbehov på 150 millionar kroner, men framlegget har av mange blitt hevda å vere i strid med Soria Moria 2.

Eit tillegg, ikkje ei erstatning
Frå Stortinget sin talarstol tysdag, då Samhandlingsreformen vart vedteken, kom helseministeren med følgjande utsegn.

- Det skal etablerast lokalmedisinske senter over heile landet. Desse skal kome i tillegg til dei lokalsjukehus vi har i dag, ikkje som ei erstatning. Sentra må i utgangspunktet vere forankra i kommunane, og dei skal ha forpliktande avtaler med spesialisthelsetenesta.

- Regjeringa vil stogge eit kvart vedtak
Utsegnene frå helseministeren vart gjentekne av Senterpartileiar Liv Signe Navarsete i går. Under ein tale på Sentarpartiet sin ordførarkonferanse i Oslo sa Navarsete følgjande:

- Og eg vil berre gjere det heilt klart: Med mindre det ligg forslag om nye eller tilsvarande tenester i nærleiken, vil eit kvart vedtak om å leggje ned lokalsjukehus bli stogga av regjeringa. Eg ventar at helseministeren vår set foten ned om det kjem slike vedtak. Og eg må understreka at lokalmedisinske senter ikkje er eit lokalsjukehus. Som helseministeren sa i Stortinget tysdag: Dei lokalmedisinske sentra skal komme i tillegg til dei lokalsjukehusa vi har i dag - ikkje som ei erstatning.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar