tirsdag 7. september 2010

Ap-leiar i Eid: – Nedbygginga må stoppast


FJORDABLADET – Eg er svært uroleg for alt det som no skjer på Nordfjord sjukehus. På meg verkar det som om leiinga i Helse Førde køyrer på som om modell ein i strategidokumentet er godkjent. Men det er den ikkje.


Dette seier Siri Sandvik, som er tilbake som leiar i Eid Arbeidarparti etter ein lengre permisjon.
– Eg har følgt med i det som har skjedd og det som skjer i Helse Førde. Ut over det faktum at gjennomføringa av strategiprosessane i Helse Førde allereie er godt i gang er det nokre saker som gjer meg svært uroleg for framtida til sjukehuset. For det første så uroar det meg at ein kuttar eit av operasjonstema ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Spesielt er dette grepet vanskeleg å forstå i ei tid der sentrale styresmakter krev at ventelistene og ventetidene skal ned. Ut frå dei grep leiinga i helseføretaket no gjer så oppnår ein det motsette. Nemleg at ventetida for pasientane vert lenger og køen aukar. Altså tek ein ned operasjonskapasiteten utan tanke for kva dette fører til og at det er klart i strid med dei føringane som kjem frå øvste hald, seier Siri Sandvik som meiner at nedtaket kan føre til at dei flinke ortopedane ein i dag har ved sjukehuset kjem til å finne seg ein annan arbeidsgjevar som er meir oppteken enn Helse Førde av å utnytte den kompetansen desse legane har.
– Det er klart at når ikkje ortopedane, og for den del andre legar, ikkje får utføre det dei kan best, så sluttar dei.

Fødetilbodet
Ei av dei andre sakene som uroar Sandvik er planarbeidet med det framtidige fødetilbodet i Sogn og Fjordane.
– Det første møtet mellom Helse Førde og kommunane fann stad for eitt par veker sidan. På dette møtet kom det fram at det som skal ligge i botnen, er helseføretaket sitt framlegg til framtidig struktur og strategiplan. Altså modell 1, som styret i Helse Førde har vedtatt, men som ikkje har blitt behandla korkje av Helse Vest eller endeleg godkjent av helseministeren eller kongen i statsråd.
– Kven er det som har lagt føringane for planlegginga av det samla fødetilbodet i Helse Førde?
– Det er iallfall ikkje kommunane. Då må det vere Helse Førde, seier Sandvik og legg til at frå Eid kommune er det helse- og sosialsjef Rune Engeseth som er med i prosjektgruppa.
– Ville det ikkje vere meir naturleg at ein tok utgangspunkt i det tilbodet som er i dag, og så jobba seg vidare for å sjå om det trengst endringar?
– Det som er heilt sikkert er at Helse Førde ikkje kan legg til grunn for dette arbeidet ein strategiplan som ikkje er godkjent av høgare myndigheit. Difor ser ikkje eg nokon anna moglegheit, enn at helse- og omsorgsministeren må sett foten ned og stoppe dei pågåande prosessane både innanfor dett og andre område, seier Sandvik og legg til at ein først burde blitt ferdig med planen for den nasjonale fødselsomsorga, før Helse Førde set i gong sitt arbeid.

Ein sengepost
– Ut frå det Fjordabladet kjenner til så har det ei stund vore jobba med å slå saman sengeposten på operasjon med den medisinske sengeposten, kva seier du til det?
– Samanslåing av sengepostane på Nordfjord sjukehus har blitt forsøkt gjort tidlegare. Då var det snakk om samanslåingar i helgar, men dette vart stoppa ut frå faglege omsyn. Infeksjonsfaren og faglege kriterium har ikkje endra seg, slik sett er dette like teneleg i dag som det var tidlegare, seier Sandvik som heller ikkje er vidare imponert over måten leiinga informerer dei tilsette på.

Gjennomfører planen
– Mitt poeng er at leiinga i Helse Førde er godt i gong med å gjennomføre den vedtekne strategiplanen utan at dei tilsette ved Nordfjord sjukehus er informerte om det som skjer. For det første så kan ein ikkje behandle vaksne velopplyste menneske på denne måten. For det andre så må dei som har mynde til det sette foten ned og hindre at leiinga øydelegg lokalsjukehuset frå innsida.
– Det er ditt parti som har helsestatsråden. Har ikkje Eid Ap noko som helst påverknadskraft overfor statsråden?
– Kor mykje gjennomslag vi har skal eg ikkje spekulere på. Det som er eit faktum er at både ordføraren vår og leiaren i Nordfjordrådet har spelt inn dei fleste argument og saker til både Helse Vest og statsråden. Statsråden på si side har vore rimeleg klar på kva den raudgrøne regjeringa styrer etter. Det er ikkje tvil om at det som no skjer ved Nordfjord sjukehus, kanskje også i Lærdal, ikkje er i tråd med Soria Moria II, seier Siri Sandvik som kjem med ei instendig oppmoding til Anne-Grethe Strøm-Erichsen om å gripe inn overfor Helse Førde før det er for seint.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar