lørdag 18. september 2010

Lokalsjukehusets dag Lærdal: Kjensleladde appellar


SOGN AVIS Lokalsjukehusets dag vart meir enn ein kamp for eit godt og trygt helsetilbod. Om lag 200 frammøtte fekk høyra Hanne Hestetun fortelja korleis ho og familien fekk oppleva fråveret av ei fullverdig fødeavdeling.

Det var også fleire enn tobarnsmora frå Årdal som snakka om dramatiske opplevingar for open mikrofon. Harald Sjursen frå Aurland, har vore gjennom fleire livstrugande sjukdomshendingar, der Lærdal sjukehus har berga livet hans.

Åge Natvik, mannskap på Årdalsambulansen, måtte sjølv ha akutthjelp då han ramla ned over fire meter og small i betongen.
– Eg hadde flaks og kom til Lærdal sjukehus før dei stengde for dagen. Der vart eg raskt operert av skandinavias beste kirurg. Tida var så knapp at det allereie var gått koldbrann i den knuste foten. Ein ambulansetur til Førde på to timar, ville truleg ha medført amputasjon, fortalte Natvik, og takka Lærdal sjukehus og Truls Jellestad for at han kunne stå her på to føter i dag.

Fødetur
Hanne Hestetun delte personlege opplevingar kring svangerskap og fødsel. Ho hadde mange tankar og meiningar før den første fødselen og var klar på at Lærdal ikkje var noko alternativ sidan dei ikkje kunne tilby epidural og heller ikkje hadde barneavdeling i nærleiken om noko skulle skje.

For Hanne vart det eit dårleg val. Ein trygg fødsel i Førde vart i staden ein umenneskeleg transportetappe fastspent på ei båre i ambulansen.

– Då me kom til Loftesnesbrua var riene så sterke at ambulansen sette på blålyset for å rekka fram i tide. Mann min som var i bil foran vart forbikøyrd og vetaskremd fordi han ikkje visste kva som skjedde. Ungen var ute om lag 20 minutt etter at me kom fram til sjukehuset, og epidural var ikkje aktuelt, fortalte Hanne.

Det vart ingen god fødeoppleving og ho var heilt klar på at neste gong skulle ho velgje Lærdal, det fekk ho derimot ikkje lov til på grunn av seleksjonskrieterane. Då var det Førde eller Haukeland som var alternativa. Alt anna var uforsvarleg, var meldinga frå legane.

Bergen
– Eg valgde Haukeland av den grunn at då ville me passera to andre sjukehus på vegen dersom tida var knapp. Sidan det gjekk så fort på første, ville nok den andre mest truleg ha minst like mykje hastverk.

Hanne rakk aldri til Bergen, men takka vera eit fantastisk personale på Lærdal og jordmora som var i tett dialog med Haukeland, fekk ho denne gongen ei trygg og god fødeoppleving i rolege omgjevnader på sjukehuset. Grytidleg om morgonen den 26.juni vart vesleAlidafødd. Tretimar etter at mamma vakna med rier heime i Årdal.

– Kvifor skal det ikkje vere verdig oss kvinner i Indre Sogn og ha eit godt fødetilbod for alle. Stadig nye seleksjonskriterier skapar uvisse og frykt. Oppfølginga eg fekk av personalet på Lærdal var fantatisk, fortalte Hanne Hestetun.

Berga livet
Harald Sjursen, aktiv helsepolitikar frå Aurland, har fleire gonger fått stifta kjennskap tydnaden av eit fungerande lokalsjukehus og ikkje minst ei god ambulanseberedsap. I 2008 fall han om medvitlaus i heimen med hjarteproblem og frakta med aurlandsambulansen til Lærdal sjukehus. Der var ingen helikopter som kunne ta han vidare til Haukeland, men dyktige legar på Lærdal berga livet hans då dei sette koagulerande stoff direkte i blodet.

– Eg vil og nytta høvet til å takka Lærdal sjukehus for to ulike vellukka kreftoperasjonar, sa ein rørd Sjursen, som fekk fram fram mange tårer hjå dei frammøtte då han sang sin eigen nynorskversjon av Blott ein dag. For å illustrera pasientane sin kamp, med smerter og angst.


KLAR BODSKAP FRÅ MARIE-HELENE TIL JENS
– Kom deg ut og møt grasrota Jens!
Var den klare bodskapen frå ein sint varaordførar Årdal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal. Ap-politikaren la ikkje skjul på at ho er skuffa over statsministeren frå eige parti.
– Eg vart ikkje politikar for å byggje ned bygdene våre. Eg vart heller ikkje politikar for å gjera innbyggjarane utrygge. No er det nettopp det som skjer og folk er i ferd med å resignera.
– Kjære Jens, eg saknar heilskapsperspektivet i politikken min, sa Hollevik Brandsdal, som forstår godt at medlemmar flyktar frå partiet.
Ho trur det vert fleire og fleire, og spesielt kvinner, som vegrar seg mot å flytta attende til regionen når dei veit korleis dei vert behandla når dei skal føde.
– Me ber om respekt og verdigheit. Då treng me fødeavdelingar og akuttberedskap. Me kjempar for levande bygder og ikkje for noko gubbebygd. Eg seie til deg Jens, kom deg ut og møt grasrota!


• Sakene er i papirutgåva av Sogn Avis måndag 20. september 2010. Elektronisk utgåve kan kjøpast her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar