tirsdag 3. juni 2008

Ap-politikar i Helse Førde-styret får kjeft av sine eigne


Partifeller meiner Mowatt svekkar Arbeiderpartiet sitt truverde i Helse Førde-styret.

- Dette er eit ømtålig tema, så det gjeld oss alle, seier varaordførar i Luster, Anders Bolstad.

Trass i at Sogn og Fjordane Arbeidarparti i vår vedtok at det skal vere skuttberedskap innan ortopedi ved lokalsjukehusa, har ein av partiet sine fremste politikarar Harry Mowatt bede leiinga i Helse Førde om å utgreie ei nedlegging. Det betyr at alle som bryt eit bein i Nordfjord eller i Indre Sogn må til Førde for å få hjelp. Bolstad meiner Mowatt no er på ville vegar og at han øydelegg for partiet. - Dette er alvorleg, seier han.

Støtte frå Nordfjord
Og han får støtte frå partifellar i Nordfjord og Sogn, Vågsøy - ordførar Roger B. Silden seier at Nordfjordingane ikkje kan finne seg i at ideane til Mowatt vert gjennomførte. Legg ein ned akuttberedskapen så vil det også gå ut over annan beredskap på lokalsjukehusa fryktar han. - Dette med akuttberedskap og fødeavdeling er så viktig for oss i distrikta at dei må lære at dei kan ikkje terpe på dette kvar einaste månad. Vi må få ro for å diskutere økonomien i Helse Førde, seier han.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar