onsdag 11. juni 2008

Fråsegn frå Utval for helse, sosial og omsorg i Årdal kommune

Utval for helse, sosial og omsorg i Årdal kommune har vedteke denne fråsegna, som er sendt både til helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad, Helse Vest RHF og Helse Førde HF:

Vi ser med uro på stadig nye utspel frå styret i Helse Førde som går på nedbygging av tenester ved lokalsjukehuset i vår region.

Det siste eksempelet i så måte er styrevedtaket i mai d.å. om å greie ut nedlegging av ortopedisk døgnberedskap. Dette vedtaket kjem mindre enn eit år etter at Helse Førde sette i verk ein ortopediplan for føretaket.

Det er no på høg tid at befolkningen i regionen, og dei tilsette ved sjukehuset, får ro.

Fokus må bli snudd til å dreie seg om gode tenester for befolkninga, skikkelege arbeidsvilkår for tilsette og eit godt samarbeid mellom kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste.

Nærleik til eit sjukehus med akuttfunksjonar og eit skikkeleg fødetilbod, har stor innverknad på om folk ynskjer å busetja seg i regionen vår, og på om vi får behalde dei innbyggarane som pr idag bur her.

Styret i Helse Førde må halde seg til retningslinene skissert i Soria Moria erklæringa, som også ved fleire høve har vore påpeikt av Helse- og Omsorgsministeren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar