onsdag 4. juni 2008

LHL Region vest: Nei til nedbygging av lokalsjukehus


Nettstaden Porten skriv: Regionmøtet i LHL Vest protesterer mot enkelte helseforetak sine planar om nedbygging av lokalsjukehus.

John Normann Melheim og Jarle Vindedal representerte Årdal og Lærdal på regionutvalsmøte i LHL Vest som nyleg vart skipa til i Bergen. LHL meiner lokalsjukehusa er viktige for at folk skal ha det trygt, mange av dei som er pasientar på eit lokalsjukehus, har ein hjarte- eller lungsjukdom. Dei vedtok difor eit protestskriv mot det dei kallar enkelte regionale helseforetak sine planar om nedbygging av lokalsjukehus. Både hjarte- og lungesjuke er heilt avhengig av eit heilskapleg, tverrfagleg og samanhengande behandlingstilbod. Dette gjeld ikkje minst ved akutte hendingar, som til dømes eit hjarteinfarkt eller forverringar i samband med kols, står det i brevet frå LHL.

Nei til nedbygging
Regionmøte i LHL seier nei til nedbygging av lokalsjukehusa, og krev at regjeringa held løftet sitt i "Soria Moria erklæringa der det heiter at dei vil oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod, som mellom anna sikrar nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod, vidare at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og at Regjeringa vil vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus som fremmar styrka kvalitet i pasientbehandlinga.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar