onsdag 11. juni 2008

Lærdal kommune: Fråsegn om ortopediberedskap

Fråsegn frå Lærdal kommunestyre i møte 5. juni 2008, sendt til Helse- og omsorgsdepartementet, Helse Vest RHF og Helse Førde HF:

Styret i Helse Førde gjorde 29. mai vedtak om å greie ut nedlegging av ortopedisk døgnberedskap ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid som ledd i innsparing.

Vedtaket er klart i strid med nasjonale føringar. Statsråden er tydeleg på at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned og at det skal vere tilpassa akuttberedskap ved alle lokalsjukehus.

Det er berre eitt år sidan Helse Førde vedtok ein godt gjennomarbeidd ortopediplan, som skulle syte for å nytte kompetansen på tvers av sjukehusa, få betre prioritering, koordinering og samordning av ressursar, betre kvaliteten på utdanning av ulike yrkesgrupper m.m.

I ortopediplanen heiter det at Helse Førde skulle arbeide vidare med akuttmedisinske team ved sjukehusa. Sentralt i eit akuttmedisinsk team vil vere ein anestesilege i døgnkontinuerleg vaktberedskap. Så seint som i januar 2008 inviterte Helse Førde kommunane i Nordfjord og Sogn til vidare arbeid med slike team. Eventuell nedlegging av akuttberedskapen vil medføre at Helse Førde sin invitasjon til utvikling av akuttmedisinske team vert eit fromt ønskje, totalt utan konkret innhald.

Samstundes vil eventuell nedleggjing sjølvsagt få følgjer for beredskapen ved fødeavdelinga på Eid og den forsterka fødestova i Lærdal, truleg også for pasientgrupper ved medisinsk avdeling m.v.

I tillegg er det ei kjensgjerning at den beste kompetansen i ortopedi innan Helse Førde dei siste åra har vore knytt til sjukehusa på Eid og i Lærdal. Dette er og grunnlaget for dei mest sentrale delane av ortopediplanen, der legane i Lærdal og på Eid reiser til Førde for operasjonar. Ein byggjer ikkje ned velfungerande faglege gode ortopeditenester ved lokalsjukehusa for å styrkje tilbodet i Førde. Det vil til sjuande og sist vere til stor skade for det samla tilbodet i heile helseføretaket.

Ut frå dei følgjene Lærdal Kommune ser av ei nedleggjing av akuttberedskapen i ortopedi ved lokalsjukehusa, vil me på det sterkaste protestere mot ei slik utvikling, då dette kan medføre ei rasering av fleire andre tilbod ved lokalsjukehusa våre. Me vil derimot oppmode styret i Helse Førde om å halde fast ved den vedtekne ortopediplanen og halde fram arbeidet med å utvikle akuttmedisinske team ved knytt til sjukehusa i fylket.

Det er på tide at styret i helseforetaket gir dei tilsette ved lokalsjukehusa arbeidsro gjennom god tilrettelegging og motivering, slik at dei kan vidareutvikle det gode og viktige tenestetilbodet ved sjukehusa våre. Det er også viktig å få ro kring gode vedtak og strukturar, slik at befolkninga og pasientarne kan ha tillit til sjukehustilbodet i fylket.

• Klikk på overskrifta eller her og sjå fråsegna på Lærdal kommune sine heimesider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar